Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Peak

Når vi snakkar om analoge signal, vil punktet der signalet er høgast (størst amplitude), bli kalla peak.

I samband med lydnivå nyttar vi ein desibelmålar som indikerer med fargane grøn, gul og raud. Dersom vi skrur lyden for høgt (raudt område), vil lyden begynne å skurre eller bli kutta, noko vi ikkje ønskjer. Vi seier ofte at «lyden peakar» når dette skjer.

Når vi justerer lyd, varierer nivået heile tida. Då er det viktig at vi justerer slik at nivået aldri overstig det gule området.

Skrive av Dag Olav Lereim.
Sist oppdatert 28.09.2020