Forklaringsartikkel
Pascal (Pa), måleining

Bilete: leapingllamas / CC BY 4.0
Pascal er ei standard (SI) måleining for trykk. Symbolet (Pa) blir brukt for å beskrive ei kraft på 1 newton per kvadratmeter. Pascal er grunnstandarden for måling av alle typar trykk, anten det er luft, væske, akustikk (lyd) eller eigenskapane til ulike materiale.
Pascal er ikkje så mykje brukt i kvardagen, for det blir fort særs høge tal. Vi bruker derfor andre måleiningar som byggjer på pascal, til dømes bar, psi og desibel.