Forklaringsartikkel
Mineralull

Bilete: Magne Vågsland / CC BY-SA 4.0
Mineralull blir brukt til isolasjon. Opne rom i ein konstruksjon blir fylte for at luft ikkje skal sirkulere og overføre varme.
Mineralull er ei fellesnemning på glasvatt og steinull. Matter blir leverte i varierande tjukn og tilpassa breidd. Mineralull er eit ikkje-brennbart materiale.