Forklaringsartikkel
Måling

Bilete: Kjell Brørs / CC BY-SA 4.0
Måling er eit fellesnamn på alt stoff som er flytande og blir brukt til overflatebehandling av materiale. Målinga blir påført med pensel, rull eller sprøyte.
Det finst svært mange ulike kvalitetar av måling. Kva for ein kvalitet ein skal bruke, er avhengig av kva overflata vil bli utsett for, og materialet som skal beskyttast.
Måling har eit tal for glans som fortel kor blank overflata blir. Høg glans er det same som veldig blank flate. Låg glans vil seie at flata blir opplevd som matt. Måling med glanstal 02 er lågast (heilmatt), og 90 er høgast (heilblank).
Måling består av bindemiddel, pigment, fyllstoff, løysemiddel og tilsetjingsstoff. Alle desse bestanddelane kan vere av ulik kvalitet.