Forklaringsartikkel
Lydfart

Bilete: Ensign John Gay, U.S. Navy / CC0
Vi seier at lyden beveger seg ca. 340 meter i sekundet i luft, og i vatn forplantar han seg fire gonger så raskt (ca. 1497 meter i sekundet).
Desse tala er berre omtrentlege, sidan det er fleire faktorar som påverkar farten. Faktorar som luftfukt og vêr påverkar farten i luft, mens faktorar som vasskvalitet og saltinnhald påverkar farten i vatn.
Når eit jagarfly akselererer frå ein fart under lydfart til ein fart over lydfart, vil ein kunne høyre eit kraftig smell i den augneblinken det passerer skjeringspunktet. Flyet har no brote lydmuren, dette skjer ved ca. 1238 km/t (344 m/s), dersom det er tørr luft og 21 °C.