Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Golvbelegg

Dette er ein tjukk duk som blir laga av ulike materiale. Det blir brukt som overflate på golv.

Golvbelegg kan brukast i alle typar rom. Sidan det er vasstett, er det godt eigna til badegolv. Det er viktig at det blir limt på eit plant underlag, som plater eller betong. Hovudmaterialet i belegget kan vere vinyl eller linoleum. Vinyl er produsert av olje, som ikkje er ein fornybar ressurs. Linoleum er produsert av fornybare ressursar.

Skrive av Magne Vågsland.
Sist oppdatert 30.09.2020