Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Gull

Gull (Au) har atomnummer 79 i det periodiske systemet. Gull er eit edelt metall og reagerer difor ikkje med oksygen, vatn, syrer eller basar. Andre ord vi bruker om eit materiale som ikkje reagerer med andre metall og væsker, er «inaktivt» eller «inert». Gull er òg det metallet som leier straum aller best. Visste du at vi kan ete gull? Sidan gullet ikkje er farleg for kroppen vår eller reagerer med andre stoff, går det berre rett gjennom fordøyingssystemet vårt.

Skrive av Haldor Hove.
Sist oppdatert 29.09.2020