Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Grunnvass-spegel

Om vi kjem ned under bakkenivå, vil vi alltid før eller seinare møte på eit nivå der alle frie rom er fylte med vatn eller metta med vatn. Dette nivået kallar vi grunnvass-spegelen. Kor langt ned i bakken vi må gå før vi møter grunnvasss-pegelen, varierer. Om vi drenerer, senkar vi grunnvass-spegelen. For å sikre at det ikkje kjem vatn inn i kjellaren, må vi derfor alltid drenere så djupt at grunnvass-spegelen kjem under det lågaste punktet i bygget.

Skrive av Magne Vågsland.
Sist oppdatert 28.10.2021