Forklaringsartikkel
Glattemaskin

Bilete: Hansmark A/S / CC BY-SA 4.0
Ei glattemaskin er eit utstyr som blir brukt til å pusse golv. Når betongen har herda så mykje at han er fast å gå på, bruker vi glattemaskina til å pusse overflata. Då bruker vi ei heil skive som dreier rundt. Denne er ikkje med på biletet. Då får vi ei overflate som er eigna til å leggje flis, belegg eller liknande på. Det er òg mogleg å stålglatte golvet etter oppskrubbing. Då tek ein av skiva og lar berre stålvengane dreie rundt. Det krev trening å bruke glattemaskin, eller helikopter som det òg blir kalla.