Forklaringsartikkel
Gipsplate

Bilete: Magne Vågsland / CC BY-SA 4.0
Ei gipsplate er ei plate av gips med overflate av papir.
Gipsplater blir brukte til innvendig kledning av veggar, som underlag for måling, tapet og flis. Gipsplater blir òg brukte til utvendig vindtetting (GU). Det er viktig at kvaliteten på plata er tilpassa føremålet.
Plata er ikkje brennbar og gir godt vern mot brannspreiing. Standard storleik er 12 mm × 1200 mm × 2400 mm.