Forklaringsartikkel
Biobrensel

Treflis blir brukt til produksjon av mellom anna biobrensel. Bilete: Science Photo Library / CC BY-NC 4.0
Biobrensel kjem i mange former og frå ulike kjelder. Ordet bio betyr liv, og felles for alle typar biobrensel er at det er ei fornybar energikjelde som kjem frå levande organismar.
Råvarene som blir brukte til å produsere biobrensel, kjem som regel frå jordbruk, skogbruk eller organisk avfall. Døme på ferdige biobrenselprodukt kan vere pelletar, ved, tørka flis, biodiesel, hydrogen og metan.