Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kollektivet

Korleis er det å flytte for seg sjølv? Kva trur du blir dei største utfordringane, og korleis i all verda skal du få pengane til å strekke til når du må betale alt sjølv?

Mange drøymer om den dagen dei skal flytte for seg sjølve, men det kan by på fleire ulike utfordringar.

Sjå filmen og diskuter i grupper:

  1. Kva blir det beste med å flytte for seg sjølv?
  2. Kva trur de er dei største utfordringane med å flytte heimanfrå?
  3. Korleis kan de få pengane til å strekke til når de flyttar heimanfrå? Lag ei liste med minst tre tips til korleis de skal overleve økonomisk.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2020

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi