Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag eit personleg budsjett

Viss du skal få kontroll over eigen økonomi, lønner det seg å lage eit budsjett. Når du får oversikt over inntekter og utgifter, blir det lettare å prioritere riktig og få pengar til overs.
Nærbilde av fingre som taster inn tall på en kalkulator. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Du kan jobbe med oppgåvene under på ulike måtar:
  • Du kan jobbe for deg sjølv og ta utgangspunkt i den økonomiske situasjonen din.
  • Du kan jobbe i ei gruppe med andre elevar. De skal ta utgangspunkt i dykkar eigen situasjon og tenkje at de skal flytte saman i eit kollektiv i næraste by eller tettstad.
  • Du kan jobbe i ei gruppe med andre elevar der de diktar opp kvar dykkar person, kvar deira avatar. Du kan til dømes ta utgangspunkt i at du "er" Kristian som er 19 år, nettopp ferdig med vidaregåande og har flytta til Trondheim for å studere økonomi på BI. Når de diktar opp ein avatar må de bestemme:

    • namn, kjønn og utsjånad.
    • alder og bustad.
    • interesser og framtidsplanar.

Del 1: Månadsbudsjett

  1. Lag eit forslag til månadsbudsjett. Budsjettet bør innehalde ei oversikt over inntekter, utgifter og sparing.
  2. Kva er dei største fordelane med å lage eit månadsbudsjett?
  3. Kva er dei største utfordringane med å lage eit månadsbudsjett?
  4. Korleis kan ein løyse utfordringane med å lage eit månadsbudsjett på best mogleg måte?
Hugseliste når du skal setje opp budsjett:

Inntekter

  • Lønn
  • Gåver
  • Lommepengar
  • Ekstra inntekter. Viss du til dømes sel noko brukt eller tener litt ekstra ved å moke snø for naboen.

Faste utgifter

  • Husleige/huslån
  • Straum
  • Forsikringar
  • Abonnement (telefon, musikk, media )
  • Bil og transport
  • Barnehage og aktivitetskole (SFO)

Variable utgifter

  • Reise
  • Mat og daglegvarer
  • Hushaldsartiklar og møblar
  • Klede og sko
  • Personleg pleie
  • Lek og fritid
  • Restaurant og kafébesøk
  • Gåver og velgjerd

Sparing

  • Bustadsparing for ungdom
  • Bufferkonto til uventa utgifter
  • Sparing til feriar eller større innkjøp

Del 2: Årsbudsjett

Eit årsbudsjett kan hjelpe deg å få ei oversikt over alle inntekter gjennom året.

  1. Ta utgangspunkt i månadsbudsjettet og set opp eit forslag til årsbudsjett. Husk å ta med inntekter og utgifter som ikkje kjem kvar månad, til dømes inntekter frå sommarjobb og feriepengar.
  2. Kva er dei viktigaste forskjellane mellom eit månadsbudsjett og eit årsbudsjett?
  3. Kvifor trur de det kan lønne seg å lage eit årsbudsjett i tillegg til eit månadsbudsjett?
To studenter, en gutt og en jente, som jobber med en oppgave sammen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: Vurder budsjettforslaget til kvarandre

Når du eller de er ferdig med eit forslag til månads- og årsbudsjett kan de byte med ein annan elev eller gruppe. Vurder følgjande punkt:

  1. Kor realistisk er budsjettet? Har dei til dømes gløymt nokon utgifter eller berekna noko for lågt?
  2. Bruk det foreslåtte budsjettet til å gi nokre økonomiske råd.
    • Korleis kan han eller ho auke inntektene?
    • Korleis kan han eller ho avgrense utgiftene?
    • Korleis kan han eller ho setje av meir pengar til sparing?
  3. Set de til slutt saman med ei anna gruppe og diskuter kva råd og tips de har komme fram til. Kva er det aller viktigaste når du skal få kontroll over eigen økonomi?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 27.07.2020

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi