Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Casar om økonomi for unge

Korleis skal unge klare å få pengane til å strekke til, gjere noko litt ekstra ein gong i blant og handtere uplanlagte kostnader? Jobb med desse casane for å bli meir klar over økonomiske prioriteringar.
Hender held myntar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jobb med casane

Jobb i små grupper, i par eller åleine. Jobb med alle eller nokon bestemde casar, skriv notat undervegs. Gå gjennom casane i plenum etterpå, eller lever inn notata til læraren.

Du kan jobbe med desse oppgåvene på to måtar
  • Du kan jobbe for deg sjølv og ta utgangspunkt i den økonomiske situasjonen din.
  • Du kan dikte opp ein eigen person. Bestem deg for

    • namn, kjønn og utsjånad
    • alder og bustad
    • interesser og framtidsplanar

Du kan til dømes velje at du Kristian som er 19 år, nettopp ferdig med vidaregåande og i ferd med å flytte til Trondheim for å studere økonomi på BI.

Hybelliv og prioriteringar

Nokon av dykk bur på hybel, andre bur heime. Nokre scenario er aktuelle for de som bur på hybel no, og nokon kan bli det for de som skal flytte heimefrå om få år, til dømes for å studere. Sjå for deg at du bur for deg sjølv.

Case 1

Du har 107 kroner igjen på bankkortet og det er tre dagar til stipendet kjem. Du har eit halvt brød, smør og jus, og ein pose med tomatsuppe i matskapet. Du treng mat fram til stipendet kjem. Kva skal du handle, kva vil kostnaden bli?

Case 2

Du har 500 kroner i veka til mat og anna som kafé, kino og liknande. Viss du et litt enkelt har du 100–150 kroner til noko ekstra i veka. No har du fått ein Snap frå nokon i klassen om å bli med på bowling og restaurant i morgon. Det vil koste cirka 300 kroner. Kva gjer du?

Case 3

Etter at du har betalt husleiga, har du 2300 kroner å klare deg på i månaden. Korleis vil du bruke desse pengane? Du betaler fast 199 kroner for telefonabonnementet ditt. Pengane skal rekke til mat, eventuell kino, kafé, restaurant, gåver og nye klede. Korleis skal du bruke resten av pengane denne månaden?

Case 4

Du har vunne 1000 kroner i eit flaxlodd som du fekk av ein familiemedlem. Ekstrapengane kjem godt med, kva vil du gjere med dei?

Case 5

Du har komme halvvegs til neste stipendutbetaling, og du har 1100 kroner igjen denne månaden. Alle faste avgifter er betalte. Det er no særs gode tilbod på lokalbutikken din med varer du kjøper ofte, men det gjeld store forpakningar og vil koste ein del. Innsparingane du gjer kan du nyte godt av neste månad, sidan du då har mykje mat tilgjengeleg og kan bruke pengane til noko anna. Det gjer deg ganske blakk dei to neste vekene. Skal du kjøpe litt eller mykje på tilbod? Kva gjer du?

Case 6

Mobilen kan ryke, du kan bli invitert med på noko som kostar pengar, plutseleg trenge eit nytt plagg, bli invitert i bursdag eller få ei anna uventa utgift. Som i case 3 har du 2300 kroner til rådigheit kvar månad, kor mykje kan du setje av til uventa utgifter?

Ungdomstid og ønsker

Case 7

Ei ny årstid er på veg, og du har lyst på nye sko (700 kr) og ny jakke (800 kr) som passar denne årstida. Dei du har frå i fjor er heile, men byrjar å få ein litt utdatert look. Du har 1000 kroner til å bruke på nytt tøy denne månaden, kva prioriterer du?

Case 8

Fleire av vennene dine skal på språkskule neste sommar, og det vil koste 10.000 kroner. Du har òg lyst til å dra. Du har 15.000 kroner på sparekontoen, og foreldra dine vil at du kan bruke maks 5.000 av sparepengane og elles skaffe deg pengane på anna vis. Kva ville du gjort? Lett etter jobb, ønskt deg pengar til språkreisa til jul eller bursdag, valt bort andre ting gjennom året som færre klede, kinobesøk osb. eller droppe turen?

Case 9

Du har nettopp fått ny mobil i bursdagsgåve frå familien, og du veit at økonomien er litt dårleg heime no. Uheldigvis fell mobilen ned i bakken og får ein sprekk i skjermen. Du kan bruke han, men det ser ikkje fint ut, og på eit tidspunkt vil han bli verre og ikkje mogleg å bruke lenger. Kva gjer du no?

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2020

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi