Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Slik skriv du ein CV

Gode råd for korleis du kan skrive og setje opp ein CV.

FooterHeaderIconFooter iconLK20FooterHeaderIconFooter iconLK06
Mannehender på tastatur. Foto.

Ein ryddig og oversiktleg presentasjon

CV-en din skal gi arbeidsgivar ei kortfatta oversikt over kven du er, kva du kan og kva du har gjort så langt i livet ditt. Arbeidsgivar får kanskje inn mange søknader, og kan ikkje bruke mange minutt på kvar enkelt CV. Derfor bør du skrive ein ryddig, kortfatta CV som hjelper lesaren å spare tid og som gir eit positivt inntrykk av deg.

Du kan godt bruke ein ferdig mal, då får CV-en din ein profesjonell layout. Men det går òg fint an å setje opp ein enkel CV sjølv.

Overskrift

Når du lagar ditt eige oppsett, kan du setje "Curriculum vitae" som overskrift, øvst i midten på sida. (Ordet blir uttalt kurrikulum vitæ og er det latinske ordet for livsløp).

Personopplysningar

Først i CV-en fører du opp faktaopplysningar om deg sjølv. Desse opplysningane må alltid vere med:

  • namn
  • adresse
  • telefonnummer
  • e-postadresse

Alder, sivilstand og avtent verneplikt kan også vere aktuell informasjon under dette punktet.

Utdanning

Deretter fortel du kort kva du har av utdanning. Ta med

  • namn på fag eller utdanningsprogram
  • namn på skulen
  • året du tok eksamen

Bruk omvend kronologisk rekkjefølgje. Det vil seie: Utdanninga som er nyast, skal stå øvst, og så går du bakover i tid.

Arbeidserfaring

Du må fortelje kva slags arbeid du har hatt så langt. Så lenge du er fersk i arbeidslivet, bør du føre opp alle typar jobbar du har hatt, også ferie- og helgejobbar, og arbeidspraksis i regi av skulen. Sørg derfor alltid for å få attest frå slike jobbar.

Begynn igjen med det nyaste arbeidsforholdet. Her tek du med

  • namn på arbeidsgivar
  • kva slags stilling du har hatt
  • når og kor lenge du har hatt jobben

Om du vil, kan du òg leggje til ei setning om noko denne jobben har lært deg, som også vil vere nyttig i jobben du no søkjer.

Kurs og sertifikat

Viss du har gjennomført kurs som gjer deg betre kvalifisert til jobben, nemner du dei som eit eige punkt. Relevante kurs kan til dømes vere førarkort, truckførarbevis, førstehjelpskurs eller IKT-spesialkurs. Nemn

  • kva slags kurs eller sertifikat du har teke
  • året du tok kurset eller sertifikatet

Andre opplysningar

Vurdér kva meir som er verdt å nemne − til dømes tillitsverv, fritidsinteresser, lengre utanlandsopphald og språkkunnskapar. Du kan samle alle desse opplysningane under overskrifta "Andre opplysningar". Eller du kan setje fleire, meir presise overskrifter, som til dømes "Språkkunnskapar" og "Tillitsverv".

Du som arbeidstakar

I mange CV-malar finst det eit punkt som heiter "Nøkkelkvalifikasjonar". Med nøkkelkvalifikasjonar meiner ein eigenskapar og erfaringar som gjer deg særleg eigna for jobben du søkjer. Alternativet til eit slikt eige punkt er heilt enkelt å leggje til ei kort kommentarsetning til kvar jobb du fører opp under "Arbeidserfaring".

Referansar

Referansar er eit anna viktig punkt du bør ha med. Ein referanse-person er nokon som kjenner deg og kan seie noko positivt om deg som arbeidstakar eller person. Det kan til dømes vere ein lærar eller ein arbeidsgivar. Men vedkomande skal ikkje vere i nær familie med deg.

Du må oppgi

  • namn
  • stilling
  • arbeidsstad
  • telefonnummer

Hugs å spørje referansepersonane før du fører dei opp i CV-en eller søknaden din.

Sist oppdatert 24.01.2019
Skrive av Marion Federl

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

Kjeldemateriale