Hopp til innhald
SharedResourceDelte ressurser

Litterære tekstar

Døme: søknad på sommerjobb

FooterHeaderIconFooter iconLK20

Tobias Rud
Strandveien 6b
0378 OSLO 29. januar 2018
tobias_rud@hotmail.com

Noregs Blindeforbund, avd. for barn og ungdom
Postboks 5900 Majorstuen
0308 OSLO


Søknad på stilling som leiar på sommarleir

Eg viser til annonsen på finn.no datert 25. januar 2018 og søkjer med dette på stillinga som leiar på sommarleirane til Blindeforbundet i Hurdal. Eg vil gjerne jobbe både på barneleiren og på ungdomsleiren.

Eg er fødd 2. august 1999 og går for tida Vg2 studieførebuande kurs på Fagerborg videregående skole i Oslo. Eg har nettopp teke førarkort og har også nyleg gjennomgått førstehjelpskurs.

På fritida liker eg å padle og segle og er van med å vere på sjøen. Dessutan liker eg å stå på ski og gå turar med hunden min. Elles er eg ein sosial gut med godt humør. Eg har lett for å bli kjend med nye menneske og kommuniserer godt med både unge og gamle. Eg er pliktoppfyllande og ser det som viktig å vere presis.

Ved sida av skulen er eg også støttekontakt for ein gut på 11 år fire timar i veka. Eg hentar han etter fotballtreninga, så drar vi heim til han og lagar mat, gjer lekser, pratar saman og speler spel.

Ei venninne av meg, Lina Olsen, jobba for dykk i fjor. Ho rådde meg til å søkje på stillinga. For eit par veker sidan var eg med ho i Oslo sentrum. Då følgde vi to blinde jenter som Lina var blitt kjend med i fjor. Det var ein lærerik og hyggjeleg bytur!

Som referanse kan eg oppgi Erica Wik, avdelingsleiar i bydelen St. Hanshaugen (telefon 957 03 632). Eg håper på eit positivt svar, og møter gjerne til samtale.

Med helsing

Tobias Rud
Tobias Rud


2 vedlegg

Sist oppdatert 24.01.2019
Skrive av Valgerd Mørch

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

Kjeldemateriale

  • SharedResourceDelte ressurser

    Døme: søknad på sommerjobbDu er her