Sjef over eigen økonomi
CC BY-SA 4.0Når du flyttar for deg sjølv, møter du mange nye økonomiske utfordringar. Jo betre førebudd du er, jo lettare blir det å klare seg sjølv.
I denne læringsstien skal du
- få kunnskap om å leige eller kjøpe ein ny bustad, og kor mykje det kostar å flytte for seg sjølv
- utforske ulike løysingar på dei økonomiske utfordringane du møter på når du flyttar for deg sjølv
- diskutere korleis du kan skaffe jobb og inntekter
- få kunnskap om lønn, skatt, studielån, forbruk og sparing
- lære deg å setje opp eit personleg budsjett og reflektere over nytten av å lage eit månads- og årsbudsjett
Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i fleire ulike fag, men somme av artiklane og oppgåvene passar spesielt godt i samfunnskunnskap, matematikk og norsk.