Forbruk
Når du styrer din eigen økonomi, må du kunne planleggje på kort og lang sikt. Den vanlegaste begynnarfeilen er å bruke for mykje pengar for fort: Den dagen lønninga kjem inn på kontoen, tek du deg ein handletur og kjøper det du meiner du har bruk for, no når du endeleg har pengar. Reknar du feil her, går kassa fort tom, og du er blakk lenge før neste lønningsdag. Så blir løysinga å låne av storesyster eller pappa. Denne typen låneverksemd tyder på at du enno ikkje har kontroll med økonomien din. Har du kontroll, greier du å porsjonere ut utgiftene slik at pengane rekk heilt til neste lønning.
Har du lagt merke til at du skiftar meining om kva du har bruk for? Når lønninga står på konto, meiner du kanskje at du treng nye joggeskor. Er det tomt på kontoen, meiner du gjerne at dei gamle godt kan brukast i nokre månader til. Kunsten er å vere streng mot seg sjølv og halde på dei mest «gjerrige» vurderingane. Det er best for økonomien din og dessutan best for miljøet.
Det som kan vippe over ende ein elles godt planlagd økonomi, er dei uventa utgiftene: mobiltelefonen som går sund og må erstattast, skihelga som blei dyrare enn tenkt, eller skrapa i lakken som du påførte bilen til mamma. Også slike hendingar skal planleggjast i ein økonomi som er under kontroll. Det smarte er å ha ein reserve i bakhand, ein sum som du har sett til sides for uventa utgifter, og som du berre bruker når det oppstår ei krise. Denne summen «låner» du frå når noko skjer. Så syter du for å spare denne summen opp att så snart det lèt seg gjere.
Dei færraste som går på skule, har råd til å investere. Vi skal likevel seie litt om dette, fordi det samtidig forklarer kva forbruk er. Investering dreiar seg nemleg òg om å kjøpe, men utan at du har tenkt å forbruke det du kjøper.
Forbruk kallar vi det når du kjøper varer som ikkje er meinte å skulle vare så veldig lenge. Mat og klede er forbruksvarer. Det same er mobiltelefon, sofa, kjøleskap og fjernsyn. Ei investering gjer du når du kjøper noko som skal vare svært lenge, og som du kanskje til og med kan tene pengar på over tid. Huskjøp er ei investering, utdanning ei anna.
Sparing er å planleggje på lang sikt – ein ferie, ei utdanning, eigen bustad. Når innskotsrenta er høg, kan det lønne seg å spare pengar ved å setje dei på høgrentekonto i ein bank. I andre tilfelle kan det vere lurt å spare ved å setje pengane i aksjar aller andre verdipapir, men slik sparing vil det alltid vere knytt ein risiko til. Verdien av aksjane kan falle i staden for å stige, og då taper du sparepengane dine.
Bustadsparing for ungdom (BSU) er ei spesiell ordning for dei mellom 13 og 33 år. Dersom du bind deg til å bruke dei oppsparte midlane dine til bustad, får du spesielt gunstige vilkår.