Ungdomstida er ein periode med store forandringar. Ved å utforske og reflektere over tema som fysisk og psykisk helse, identitet, sosiale relasjonar og personleg økonomi vil du bli betre i stand til å meistre dei utfordringane som møter deg.
Mange får den første jobben sin mens dei går på vidaregåande, og då får dei fleste større ansvar for eigen økonomi. Korleis kan du klare deg sjølv økonomisk, ta ansvar for eige forbruk og finne plassen din i arbeidslivet?