Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

Korleis kan du få inntekter og jobb?

Treng du pengar? Dei fleste ungdommar vil gjerne ha betre råd, og då lønner det seg å skaffe ein eigen jobb. Men det finst òg andre måtar å skaffe seg inntekter på.
Kvinne kastar mange pengesetlar opp i lufta. Foto.

Inntekter

Mens ein framleis bur heime, får mange ungdommar lommepengar eller støtte frå foreldre eller føresette til å betale for klede og andre utgifter. Det kan ofte oppstå ueinighet mellom foreldre og ungdommar om pengar, men viss du snakkar saman med dine føresette, kan du kanskje få moglegheita til å tene litt ekstra. I artikkelen "Slik får du meir lommepengar" på NRK kan du lese meir om korleis du kan forhandle deg fram til meir lommepengar.

Det finst òg fleire andre måtar å få ekstra inntekter på:

  • Sel ting du ikkje treng. Bruk nettet til å selje det du ikkje lenger har bruk for. Har du ein bil, båt, leilegheit, motorsykkel eller liknande, kan du òg prøve å leige dei ut.
  • Utfør småjobbar for familie eller naboar. Du kan til dømes klippe graset for naboen. Viss du ikkje tener for mykje, kan du sleppe å betale skatt.
  • Bruk interessene og evnene dine. Viss du er flink i matte, kan du tilby ekstraundervisning i matte til ungdomskuleelevar. Viss du er flink til å sy, kan du reparere klede.

Eigen jobb

Den aller beste måten å tene pengar på for dei aller fleste, er å få seg ein jobb. Mange ungdommar får seg ein ekstrajobb ved sida av skulen. Det gir dei betre råd, nyttig erfaring og gjer det lettare å få jobb etter vidaregåande.

For å få ein jobb må du skrive ein søknad, du treng ofte ein CV, og du må stille til intervju.

Det kan ofte krevje ein ekstra innsats å skaffe seg ein jobb. Du må rekne med å få mange avslag før du får napp, og det er viktig å ikkje vere kresen og ikkje gi opp. Når du først har fått ein jobb, blir det lettare å få ein ny.

I videoen under lærer du korleis du kan jobbe med nervøsitet og kroppsspråk når du skal på jobbintervju.

Tips når du skal søke jobb:

  • Bruk venner, familie og sosiale medium for å komme i kontakt med moglege arbeidsgivarar.
  • Oppsøk stader du ønsker å få jobb, ta med ein CV og snakk med sjefen. Dette er spesielt aktuelt i butikkar, kioskar og kafear.
  • Nokon stader, som barnehagar, sjukeheimar og større bedrifter kan det vere lurt å ringe og lage ein avtale før du møter opp. Du kan òg sende ein open søknad.
  • Leit etter aktuelle jobbar på nett. I tillegg til heimesider til bedrifter og oppslagstavler kan du for eksempel sjekke ut desse nettsidene:

    finn.no

    NAV.no

    jobbsafari.no

    jobbnorge.no

  • Bruk tid på å skrive ein god CV og jobbsøknad. Nedst på sida finn du tips og døme du kan bruke.
  • Spesielt eldre ungdommar kan delta på jobbmesser til NAV, karrieredagar til høgskular og universitet og registrere seg i bemanningsbyrå.
Vanlege jobbar for dei under 18 år
  • Rydde- og pakkehjelp i butikkar, kafear, kioskar og hagesenter
  • Reinhald og vasking
  • Sommarjobb i underhaldningsparkar og dyreparkar
  • Ekstrahjelp på gardar, campingplassar og turistattraksjonar.
  • Avis og reklamebod
  • Lagerjobb
  • Badevakt
  • Skrape og måle hus og gjerde
  • Småjobbar som barnepass, plenklipping, bilvask og båtpuss
  • Flyttehjelp og bærplukking

Sommarjobb

Mange ungdommar bruker ferien til å tene eigne pengar. Ein sommarjobb er ein fin måte å komme inn i arbeidslivet på og gir deg nyttig erfaring når du skal søke andre jobbar seinare.

I oppgåva "Surr med sommarjobb" kan du lære meir om rettar og plikter knytte til sommarjobb.

Her kan du finne fleire tips til korleis du kan få deg ein sommarjobb:

Open søknad

Du kan sende ein open søknad til bedrifter du ønsker å jobbe i, eller du kan stikke innom dei og levere han personleg. Plutseleg kan bedrifta få eit behov for ekstra arbeidskraft, og då kan du få napp på draumejobben.

Aldersgrenser for arbeid

I arbeidslivet er det nokre aldersgrenser for å verne ungdom under 18 år. Ungdom mellom 12 og 15 år kan berre utføre lett arbeid, mens ungdom mellom 15 og 18 år ikkje kan utføre arbeid som kan skade tryggleik, helse, utvikling eller skulegang.

Det finst òg grenser for kor mykje du kan jobbe avhengig av alder. Når du er mellom 15 og 18 år, kan du til dømes ikkje jobbe meir enn 8 timar i døgnet og 40 timar i veka. Du skal òg ha fri mellom 23.00 og 06.00, men det finst nokre unntak frå desse reglane. Les meir om dei ulike aldersgrensene for arbeid i artikkelen "Aldersgrenser for å jobbe" på ung.no.

Diskusjonsoppgåve

  1. Bruk dykkar eigne erfaringar og tipsa frå artikkelen. Kva er det viktigaste når du skal få ein jobb? Skriv minst tre konkrete forslag.
  2. Kva moglegheiter har de til å finne ein ekstrajobb eller sommarjobb der de bur? Skriv minst fem konkrete forslag til kvar de kan få jobb.

Relatert innhald

Ein CV er vanlegvis eit vedlegg til ein jobbsøknad. CV-en fortel kven du er, kva du har lært, og kva du har gjort hittil i livet.

Kjelder

Drange, L. & Hauge, T.L. (2020). Snaponomi. Bli supergod på egen økonomi. Oslo: Vigmostad Bjørke

Noer, K.N. (2013). Teenage boss. Bli sjef over pengene dine. Oslo: Gyldendal

Ung.no (2020, 20 april). Under 18 og på jakt etter jobb? Henta frå https://www.ung.no/arbeid/jobbjakt/2799_under_18_og_pC\\3A\\5_jakt_etter_jobb.html

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 27.07.2020