Hopp til innhald

Fagstoff

Slik skriv du eit søknadsbrev

Gode råd for korleis du kan setje opp eit søknadsbrev når du skal søkje jobb.
Nærbilete av hender som skriv på eit tastatur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jobbsøknaden er gjerne det første inntrykket som arbeidsgivaren får av deg. Den avgjer om du får kome til jobbsamtale og kanskje få jobben. Derfor bør du leggje arbeid i å få til ein god søknad.

Ein søknad skal alltid setjast opp som eit formelt brev, og han skal vere forholdsvis kort. CV-en er eit vedlegg til brevet, med ein presentasjon av deg sjølv, utdanning og arbeidserfaring. CV-en er dessutan alltid nyttig å ha med når du oppsøkjer ein arbeidsgivar for å spørje om jobb.

Større bedrifter har vanlegvis eit online søknadssystem som søkjarane skal bruke. Då fyller du eit skjema, men du må òg skrive inn ein søknadstekst og leggje ved CV-en din.

Søknad og CV skal utfylle kvarandre

Søknaden din skal vere på maksimalt éi side. Skriv kort og poengtert om kvifor nettopp du kan vere rett person til den kunngjorde stillinga. Detaljane om utdanning og praksis skal stå i CV-en. Ikkje gjenta dei i søknadsbrevet.

Avsendar

Øvst i venstre hjørne skriv du namnet ditt og adressa di. Før også opp telefonnummeret ditt og eventuelt e-postadressa di.

Tips:

Når du søkjer på jobb, vil du gjerne verke profesjonell og seriøs. Viss du har ei litt tullete e-post-adresse, kan det gi eit dårleg inntrykk av deg. Då kan det vere lurt å opprette ei ny adresse for meir formelle samanhengar.

Dato

Datoen set du på same linje som postnummer og poststad, litt til høgre for midten.

Mottakar

2–3 linjeskift under adressa di skriv du namnet og adressa til mottakaren. Dersom søknaden skal sendast til ein bestemd person, skal firmanamnet stå øvst og personnamnet på linja nedanfor.

Overskrift

Lag ei overskrift som viser kva stilling du søkjer på, til dømes "Søknad på stilling som ...". Overskrifta skal stå med feit skrift.

Innleiing

Innleiinga di skal vere kort. Fortel korleis du har fått vite om stillinga: Vis til kvar og når du har sett annonsen du svarer på. Dersom du har hatt ein telefonsamtale med arbeidsgivaren i forkant, er det denne du viser til. Gjenta at du søkjer på den kunngjorde stillinga.

Hovuddel

Fortel om deg sjølv, kvifor du ønskjer jobben, og kvifor du trur du er rett person til stillinga. Det er viktig at du les utlysningsteksten nøye, slik at du kan "spisse" søknaden inn mot dei krava arbeidsgivar stiller til deg.

Ta med

  • personlege eigenskapar og erfaringar som vil vere nyttige i jobben
  • utdanning og praksis som arbeidsgivar etterspør spesielt
  • kvifor du ønskjer deg nettopp denne jobben

Avslutning

Bruk ei enkel og venleg avslutning. Skriv at du gjerne møter til intervju, og signer søknaden.

Vedlegg

Det har blitt vanleg å sende berre søknadsbrev og CV i første omgang. Kopiar av vitnemål og attestar tek du med når du kjem så langt som til eit jobbintervju. Sender du berre med CV, skriv du "1 vedlegg" litt under underskrifta di.

Viss du er usikker på kva du skal leggje ved søknaden, sjekk kva det står om dette i stillingsannonsen. Manglar denne informasjonen, kan du ta kontakt med arbeidsgivar og spørje.

Bilde

Det har blitt ganske vanleg å leggje ved eit bilete i søknaden. Det kan vere ein god idé, men her bestemmer du sjølv.

Tenk over/diskuter:

Korleis kan til dømes skrifttype, emojiar, ordval og tone eller skrivefeil i ein søknad påverke arbeidsgivaren sitt inntrykk av deg?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi