Hopp til innhald

Litterære tekstar

Døme: CV

Ein CV er vanlegvis eit vedlegg til ein jobbsøknad. CV-en fortel kven du er, kva du har lært, og kva du har gjort hittil i livet.

Forkortinga CV står for curriculum vitae (blir uttalt kurrikulum vitæ), som er latin og tyder livsløp.

Curriculum vitae

Personopplysningar

Namn: Marita Karlsen
Fødd: 19. mai 2003
Adresse: Oscar Wistings vei 49, 3295 Stavern
Telefon: 90 45 39 68
E-post: maritak@gmail.com

Utdanning

2021 Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag, Thor Heyerdahl videregående skole, Larvik
2020 Vg1 helse- og oppvekstfag, Sandefjord videregående skole

Arbeidserfaring

2021 Utplassering i regi av skulen, ein dag i veka, Trudvang barnehage, Larvik
2020 Utplassering i regi av skulen, to veker, Haukerød skole og SFO, Sandefjord
2019 Sommarjobb på Ingris isbar, Wassilioff hotell, Stavern

Annan kompetanse

Grunnkurs førstehjelp i regi av Norsk Folkehjelp
Førarkort klasse B
Gode IT-ferdigheiter

Personlege eigenskapar

Eg er ein sosial og aktiv person med godt humør, og eg er påliteleg og glad i å jobbe.

Hobbyar og interesser

Eg har spelt gitar i seks år på kulturskulen i Sandefjord, og speler òg i band. I tillegg trenar eg på helsestudio to-tre gonger i veka.

Referansar

Søren Sørensen, faglærar på Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag, Thor Heyerdahl videregående skole (tel. 33 21 31 07)

Anne Abdul, kjøkensjef, Wassilioff hotell (tel. 33 90 43 18)

Filer

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2022

Læringsressursar

Yrkesretta sjangrar