Kampanje om forbrukarrettar
Forbrukarrådet er ein uavhengig interesseorganisasjon som jobbar for forbrukarane. Det får statleg støtte og er stilt fri politisk. Forbrukarrådet skal hjelpe forbrukarane å ta gode val og jobbar opp mot næringsliv og styresmaktene. Forbrukarrådet gir råd og tips til forbrukarane, har utforma ei rekke kjøpskontraktar og kan hjelpe i tvistesaker.
Oppdrag
Du skal lage produkt i ein haldningskampanje for Forbrukarrådet.
Forbrukarrådet ønsker at fleire skal lære om forbrukarrettar.
Kampanjen skal gå over to månader.
Du skal utforme ein bodskap og lage skisser til minst to produkt.
Forklar kvar kampanjeprodukta bør plasserast, tenk på målgruppa.
Forbrukarrådet har mange gode ressursar på nettsidene sine. Dei ønsker no å setje i gang ein kampanje som dei ønsker skal bli sett av mange, slik at fleire blir klar over forbrukarrettane sine.
Dei ønsker at du skal lage kampanjeprodukt til eitt av desse oppdraga og seie kvar produkta bør plasserast for å nå målgruppa. Hugs å plassere logoen til Forbrukarrådet på kampanjeprodukta.
Finn ut meir om forbrukarrettar ved å lese denne artikkelen om rettane dine som forbrukar: Forbruker i dag og i morgon.
Oppdrag 1: Leigekontrakt til leilegheit
Informer om kva ein som leigetakar bør tenkje på første gong ein skal leige ei leilegheit. Nemn leigekontrakten frå nettsida til Forbrukarrådet. Kom med råd.
Målgruppe: unge 18-22 år som skal leige leilegheit for første gong
Økonomien i målgruppa: ikkje så god
Oppdrag 2: Å angre på eit kjøp
Informer om å angre på eit kjøp i butikk og på nett, og kva slags rettar du har som forbrukar.
Målgruppe: kvinner og menn 30–35 år
Økonomien i målgruppa: god, kjøper ofte nye klede, sko og utstyr
Oppdrag 3: Hamna i pengeknipe
Kom med konkrete råd og tips til nokon som har hamna i pengetrøbbel, eller står i fare for å gjere det. Kva bør dei gjere?
Målgruppe: unge menn 18–23 år eller kvinner 40–50 år
Økonomien i målgruppa: ganske dårleg
Ståande video: Snapchat, Instagram stories eller Facebook stories. (1080x1920px).
App: skiss ut ein idé til ein app knytt til temaet, det andre produktet må reklamere for appen.
Digital plakat: til bruk på nettsider eller sosiale medium (Instagram: kvadratisk eller breidde 1080x556 px, Facebook: minimum 1080x1080px).
Trykt plakat: ståande format, til å henge opp eller publisere i blad/avis/magasin (A3).