Hopp til innhald

Fagstoff

Møbelsnikring og gjenbruk

Korleis kan du lage miljøvennlege og billege møblar? Philip Suffren er møbelsnikkarstudent. Han er oppteken av gjenbruk. Ved hjelp av materialar som andre vil kaste, lærer han Christian Strand å lage møblar til ein studenthybel. La deg inspirere til å skape ny design av brukte materialar.
Hybel med pult, krakk, lampe og hylle. Foto.

Korleis kan du lage eigne møblar til hybelen?

Christian Strand har lite erfaring med snikring. I filmane under får han god hjelp av møbelsnikkarstudenten Philip Suffren. Saman lagar dei møblar til ein studenthybel. Dei finn materialar som andre hadde tenkt å kaste. Philip planlegg nye løysingar og lærer Chritstian korleis han kan bruke ulike verktøy. Filmklippa er henta frå NRK sin serie: Forbrukerinspektørene (2014).

Lampe

Phillip har laga ein modell av lampa dei skal lage. Her forklarer han korleis dei kan montere tre stokkar ved hjelp av vingemutrar. Til slutt trer dei i ein stoffleidning med lyspære.

Verktøy:

Sag, drill, høvel, tommestokk og skrutrekkar/skrujarn

Krakk

Phillip har laga ein prototype til ein krakk som han kan slå saman. Her gjenbruker dei plater og tau. De målar platene og set dei saman med hengsler.

Verktøy:

Drill med bits og bor, pussekloss, sandpapir, tvinger og tommestokk

Bokhylle

Delar frå ei gammal hylle og skinn fra ein avlagt sofa blir sette saman med eit koparrøyr og eit kosteskaft. Dette blir til ei ny flott bokhylle, også kalla reol.

Verktøy:

Vanleg sag, stikksag, baufil, tommestokk, drill og tokomponent-lim

Bord

Ei brukt bordplate blir som ny, etter at Christian har pussa ho. Han lærer å felle inn ei stikkontakt ved hjelp av ei stikksag. Plata skrur dei fast til to pallar. Til slutt behandlar dei plata med matolje.

Her får vi også sjå kor fin hybelen blei til slutt.

Verktøy:

Stikksag, drill, flatt skrujarn/skrutrekkar, tvinger og pussekloss med sandpapir

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 01.01.2020

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi