Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Lønn og skatt

Endeleg har du fått deg ein jobb og kan tene eigne pengar. Då er det viktig at du sjekkar lønnsslippen. Viss du tener over eit bestemt beløp, må du betale skatt.

FooterHeaderIconFooter iconLK20

Lønn

Når du har fått ein jobb, får du òg lønn. Lønna er avhengig av alder, erfaring, utdanning og prestasjonar. Viss du opplever å få for lite i lønn, kan du be om lønnssamtale med sjefen din.

Saman med lønna di vil du få ein lønnsslipp. Lønnsslippen gir deg informasjon om kor mykje du får utbetalt i lønn, og kor mykje arbeidsgivaren din har trekt i skatt.

På lønnsslippen vil du òg sjå kor mykje feriepengar du har til gode. Du har rett til 10,2 % (12 % viss du er organisert og har tariffavtale) av inntekta di i feriepengar. Desse pengane blir vanlegvis utbetalt siste lønningsdag før ferie.

Viktige omgrep på lønnsslippen
  • Bruttolønn: Den avtalte lønna din før skatt.
  • Skattetabell: Ein tabell arbeidsgivaren bruker til å berekne kor mykje du skal betale i skatt.
  • Prosentkort: I staden for skattetabell kan arbeidsgivaren bruke eit prosentkort for å berekne kor mykje du skal betale i skatt. Eit prosentkort har ein fast prosent som arbeidsgivaren trekkjer i skatt.
  • Forskotstrekk: Dei pengane arbeidsgivaren har trekt frå lønna di i skatt.
  • Nettolønn: Den avtalte lønna din etter skatt. Det vil seie dei pengane du får utbetalt.
  • Feriepengar: Dette viser kor mykje du har rett til i feriepengar. Du vil få utbetalt mellom 10 % og 12 % av den samla inntekta di i feriepengar.

Skatt

Når du tener pengar, må du òg betale skatt. Alle over 13 år må anten ha eit frikort eller eit skattekort viss du har eiga inntekt.

  • Skattekort er eit elektronisk dokument som viser kor mykje arbeidsgivaren skal trekkje i skatt. Det gjeld for eitt kalenderår av gongen.
  • Frikort er ein type skattekort som viser arbeidsgivaren at han eller ho ikkje skal trekkje skatt viss du tener under eit bestemt beløp. I 2022 er dette beløpet 65 000 kroner.

Du bestiller skattekortet og frikortet på skatteetaten.no. Viss du ikkje leverer frikort eller skattekort til arbeidsgivaren din, vil han eller ho trekkje 50 % i skatt.

Vanlegvis må du alltid betale skatt av inntekta di, men det er nokre unntak. Du treng ikkje betale skatt viss:

  • du tener mindre enn beløpet på frikortet i løpet av eitt år. Dette beløpet blir endra litt kvart år, og i 2022 var det på 65 000 kroner.
  • du tener mindre enn 1000 kroner hos ein arbeidsgivar.
  • du tener mindre enn 6000 kroner på arbeid i heimen til ein person. Viss du til dømes passar barna til naboen eller klipper plenen.
  • du tener mindre enn 10 000 kroner ved å jobbe for ein skattefri organisasjon. Det kan til dømes vere frivillige organisasjonar som lokale idrettslag eller velgjerande organisasjonar.

Skattemelding

Kvart år får du ei skattemelding frå skatteetaten. Det er ei oversikt over inntekter, formue, gjeld og kva du har betalt i skatt i løpet av det førre året.

Det er viktig at du sjekkar at alle beløpa på skattemeldinga er riktige. Du får skattemeldinga i mars/april, og fristen for å sjekke at alt stemmer er 30. april.

På skattemeldinga kan du føre opp ulike frådrag som gjer at du betaler mindre skatt. Viss du til dømes sparer i Bustadsparing for ungdom, kunne du i 2022 få eit skattefrådrag på opp til 5500 kroner.

Viss du har betalt for lite i skatt gjennom året, får du restskatt. Det vil seie at du må betale inn det beløpet du skylder til skatteetaten. Viss du derimot har betalt for mykje i skatt, får du tilbake beløpet du har betalt for mykje.

Sist oppdatert 10.01.2022
Skrive av Karl Henrik Aanesen

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

Kjeldemateriale