Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kor blir det av pengane mine?

Opplever du kjøpepress, og kjøper du produkt du eigentleg ikkje har råd til? Kjøper du ting utan å tenkje deg om? Då forsvinn ofte pengane fort!

Sjå desse lure tipsa før du svarer på oppgåvene under.

Hol i lommeboka?

Nokre gonger verkar det som det er hol i lommeboka. Pengane berre renn ut, og det er vanskeleg å gjere greie for kvar dei tok vegen. Det er gjerne småkjøpa som har skulda. Ei flaske brus her og eit Flax-lodd der kan lett vippe alle spareplanar over ende.

Oppgåve 1

Kor mykje pengar trur du at du bruker i månaden på kafébesøk, kino, brus, godteri eller snus? Set opp ei oversikt over forbruket ditt.

Oppgåve 2

No kan du sjekke ut denne sløsekalkulatoren. Der skal du føre opp kor mange gonger i uka du tar taxi, eller kor mange brusflasker du kjøper. Sjekk deretter totalsummen for eit år.

  1. Basert på den oversikta du sette opp og det du førte inn i sløsekalkulatoren, fekk du deg nokre overraskingar? Noter dei.
  2. Viss du bestemmer deg for å spare – kva kan du kutte ned på?
  3. Kor mange pengar meiner du at du bør kunne bruke på klede i løpet av eit år?
  4. Kor mange pengar meiner du at du bør kunne bruke på godteri i løpet av eit år?
  5. Kor mange pengar meiner du det er greitt å spele for?

CC BY-NC-SASkrive av Trude Løvskar, Cathrine Meyer Johansen og Inga Berntsen Rudi. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 11.03.2022

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi