Hopp til innhald

Fagstoff

Forbrukar i dag og i morgon

I dag lever vi i eit forbrukarsamfunn, der familiemedlemmene har mange aktivitetar kvar for seg – arbeid, studium, barnehage osv. Foreldra tener pengar som dei bruker til å kjøpe dei forbruksvarene familien treng.
Ein person bruker kredittkort ved netthandel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rettane dine som forbrukar

Når du bruker pengar på ei vare eller ei teneste, har både du som kjøper vara, og den som sel vara, rettar og plikter.

Du har sikkert opplevd å kjøpe ei vare for så å oppdage at du angrar, at vara ikkje har den kvaliteten ein kunne vente, eller at ho går sund. Som kunde er du verna av tre ulike lover som gjeld kjøp av varer eller tenester: forbrukarkjøpslova, kjøpslova og angrerettlova. Her skal vi sjå nærmare på korleis reglane i desse lovene fungerer for deg som forbrukar.

Feil på vara

Når du klagar på noko du har kjøpt, og som du har oppdaga ein feil ved, heiter det å reklamere. Ein hovudregel er at du som forbrukar kan klage på eit produkt innan to år frå kjøpsdatoen. For varer som er meint å halde over mange år, er fristen fem år. Døme på slike varer er fjernsynsapparat, radioar, bilar, møblar, vaskemaskinar osv.

Når du reklamerer på ei vare, kan du be om å få ei ny vare, få pengane tilbake, få vara reparert eller få eit avslag på prisen. Dersom seljaren vel å reparere vara, men reparasjonen ikkje blir vellykka, kan du som kunde krevje å få heve kjøpet.

For å kunne reklamere treng du som oftast kvitteringa som viser kjøpestad, pris og dato. Seljaren kan vere ueinig i at du har grunn til å klage på produktet, fordi han eller ho meiner at feilen du påpeiker, ikkje er deira skuld. Då har seljaren plikt til å dokumentere at dette stemmer. Dersom det er uklart kvar feilen ligg, er det seljaren som har ansvar for vara. Seljaren har då plikt til å undersøkje saka. Tenk deg til dømes at du etter fire år har reklamert på eit fjernsynsapparat med fem års garanti. Dersom seljaren kan dokumentere at du har brukt apparatet uforsvarleg (til dømes fordi det har fuktskadar) må du sjølv betale for reparasjonen.

Når du oppdagar ein feil ved ei vare, må du straks ta kontakt med seljaren. Reglane seier at du må reklamere på feilen innan to månader etter at du oppdaga han. Du må òg unngå å bruke vara, slik at feilen ikkje blir verre.

Netthandel

Ein del varer kjøper vi utan at vi faktisk kan sjå og ta på dei. Det gjeld særleg ting som vi kjøper i nettbutikkar eller gjennom andre typar postordre. Dei gongene du innser at du har gjort eit bomkjøp, kan angrerettlova hjelpe deg. Du har rett til å angre på slike bomkjøp inntil to veker etter kjøpsdatoen. Pass på å returnere vara slik at returdatoen blir registrert.

Rekningar

Dei færraste synest at det er hyggeleg å få rekningar. Vanlegvis veit vi at rekningane kjem, og om lag kor mykje vi skal betale. Men det er ikkje alltid slik. Ei undersøking Forbrukarrådet har gjort i 2016, viser at nesten tre av ti nordmenn dei siste tre åra har fått ei rekning dei ikkje var einige i. «Det er viktig å kjenne til rettane sine. Dårleg kunnskap kan føre til at folk betaler rekningar som dei elles ikkje ville ha betalt», seier direktør Randi Flesland, leiar i Forbrukarrådet. «Det er svært uheldig at dårleg kunnskap kan føre til at pengar kjem på avvegar», legg ho til. «Det er vanskeleg å få tilbake pengane, og det vil seie at det opnar seg eit høve til å lure pengar frå folk som ikkje veit sitt eige beste.»

Kredittkjøpslova

Nokre butikkar tilbyr kjøp på kreditt. I praksis vil det seie at dei tilbyr deg å betale for ein liten del av vara du kjøper, no – og mesteparten seinare. Dette høyrest då kjekt ut? Tja, kredittkjøp er òg ein strategi for å få deg til å betale meir enn du elles hadde gjort. Ofte blir det lagt til ulike gebyr, slik at den effektive renta kjem opp i 20–30 prosent av prisen på vara.

Kredittkjøpslova krev at seljaren skal oppgi kva prisen på ei vare er dersom du betaler for henne på staden, og kva ho kostar dersom du vel å betale berre ein liten del og ta resten på kreditt. Seljaren må òg gi deg ein plan over korleis restbeløpet skal betalast, og kor store avdraga og rentekostnadene er.

CC BY-SASkrive av Clemens Saers. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 25.02.2020

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi