Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Stipend og studielån

Lånekassen gir støtte til elevar på vidaregåande og studentar på høgskular og universitet. Kor mykje kan du få i lån og stipend, og kva er dei største fordelane ved å ta opp eit studielån?

Oppgåve 1. Stipend på VGS

Sjå videoen over og bruk lånekassen.no til å svare på spørsmåla.

  1. Kva er forskjellen på lån og stipend?
  2. Kva for tre ulike former for stipend kan du få på vidaregåande?
  3. Kven kan få dei ulike formene for stipend?
  4. Kor mykje pengar kan du få i ulike stipend når du går på vidaregåande? Sjekk med lånekassen.no for å finne det riktige beløpet for dette året.

Oppgåve 2. Studielån

Gå inn på lånekassen.no og bruk videoane under til å svare på oppgåvene.

  1. Kva er dei viktigaste fordelane med å ta opp studielån?
  2. Kvifor får ikkje alle like mykje i studielån?
  3. Kor mykje får du i basisstøtte frå Lånekassen til å bu og leve for i Noreg i løpet av eit år?
  4. Kor mykje av det du får i studielån kan gjerast om til stipend?
  5. Kva er vilkåra for at studielånet ditt skal gjerast om til stipend?
  6. Kor lenge kan du studere med støtte frå Lånekassen?
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 29.07.2020

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi