Hopp til innhald

Fagstoff

Utføre småjobbar

Er det lovleg å ta betalt for å hjelpe naboen? Må du betale skatt? Her får du ei kort innføring.
To ungdommar, ein gut og ei jente, som gjer hagearbeid. Guten klipper kvistar med greinsaks, og jenta puttar kvistar i kvistkvern. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du treng ikkje ha eige firma for å kunne utføre småjobbar. Du kan ta betalt for å hjelpe naboen eller andre heilt lovleg og utan å betale skatt.

Kor mykje kan du tene?

Kor mykje kan du tene utan å skrive det på a?

  • 6 000 kr for arbeid utført i eller på betalaren sin eigen heim, fritidsbustad eller bil
  • 1 000 kr for arbeid utført andre stader, gjeld òg om du jobbar for ei bedrift
  • 10 000 kr for arbeid utført for ein skattefri organisasjon, som til dømes eit idrettslag

Du kan tene inntil 6 000 kr i året frå kvar oppdragsgivar. Det vil seie at du kan i løpet av eit år få 6 000 kr frå kvar nabo for å hjelpe til i hagen, passe barn eller liknande. Du kan altså tene inntil 6 000 kr per husstand du jobbar for, utan å føre inntekta på skattemeldinga, og dette kjem i tillegg til det du kan tene skattefritt på skattekortet.

For at du skal kunne jobbe skattefritt, utan å føre det på skattemeldinga, må følgjande vere oppfylt:

  • Du kan ikkje vere sjølvstendig næringsdrivande innan same fagfelt som oppdraget gjeld.
  • Det må vere hobbyprega.
Døme – dette kan du gjere skattefritt

Naboen spør om du vil måle garasjen for 5 000 kr. Mens du målar garasjen, kjem ein annan nabo bort og spør om du kan måle hos dei òg for 6 000 kr. I tillegg spør kusina di om du vil sitje barnevakt fast ein fredag i månaden, for 500 kr kvelden, totalt 6 000 kr i året. For onkelenen din vaskar og polerer du bilen for 4 000 kr. I dette dømet tener du 21 000 kr skattefritt, som ikkje skal førast på skattemeldinga (og som dermed kjem i tillegg til den vanlege frikortgrensa).

Døme – dette kan du ikkje gjere skattefritt

Etter å ha vaska og polert bilen til onkelen din bestemmer du deg for å skrive på Facebook at du ønskjer å gjere bilar klare for sal for 6 000 kr per bil. Du får så mange førespurnader at du bestemmer deg for å gjere dette på deltid. Dersom det er organisert som ei næringsverksemd, og ikkje lenger kan sjåast på som ein hobby, vil du måtte skatte av inntektene. Er du i tvil, ta kontakt med Skatteetaten.

Du kan lese fleire døme i NRK sin artikkel Slik skaffer du deg skattefrie tusenlapper.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 09.12.2019

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi