Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva rettar har du som forbrukar?

Kva gjer du når mobiltelefonen sluttar å fungere etter tre månader, eller du ønskjer å byte noko du nettopp har kjøpt? Du har mange rettar som forbrukar, og det lønner seg å vite korleis du kan bruke dei.

Oppgåve 1: Forbrukarrettane dine

Sjå filmen over.

  1. Kva er forskjellen på ein reklamasjonsrett og ein garanti?
  2. Kvifor trur du så få personar kjenner forbrukarrettane sine?
  3. Kva konsekvensar kan det ha at seljarar og kjøparar ikkje kjenner forbrukarrettane sine?

Oppgåve 2: Casar om forbrukarrettar

Utforsk rettane dykkar som forbrukarar ved å løyse desse casane. Finn svara ved å søkje på nett eller i artikkelen vår "Forbrukar i dag og i morgon", hos økonomilappen.no eller i forbrukarkjøpslova.

  1. Russelåten

    Du har betalt 20 000 til ein kompis av ein kompis for ein russelåt. De har ikkje skrive nokon kontrakt, men du har lagra SMS-ane der de gjorde ein avtale. Du høyrer aldri meir frå han at du har overført pengane, og de får ikkje nokon russelåt. Kva kan de gjere for å få tilbake pengane?

  2. Oppvaskmaskina

    Du har kjøpt ei oppvaskmaskin på Power i Kongsberg. Etter tre år sluttar ho å verke, du får ei feilmelding E2. Merket er Electrolux. Kva har du rett på som forbrukar her? Tips: Finn ut kva reklamasjon betyr, det treng du å vite for å kunne svare på dette spørsmålet.

  3. Leilegheita

    Du kjøper ei leilegheit, ho er eit oppussingsobjekt med gammalt bad og kjøkken. I annonsen står det at leilegheita blir seld «som ho er». Når du har budd i leilegheita i ein månad, ser du at seljaren har skjult eit digert hol i badegolvet ved å flytte eit skap til å stå over. Har du rett til å få erstatning når det stod at ho blir seld «som ho er»?

  4. Mobiltelefonen

    Du kjøper ein mobiltelefon på nett. Etter ei veke finn du ut at du ikkje har råd til å behalde ho. Kva moglegheiter har du då til å heve kjøpet?

  5. Hovudtelefonane

    Du har kjøpt eit par hovudtelefonar i butikken med bankkortet ditt. Etter seks månader sluttar hovudtelefonane å verke, men du finn ikkje igjen kvitteringa for kjøpet. I nettbanken din finn du ei utskrift for kjøpet, men seljaren i butikken seier at du må ha kvitteringa for å reklamere. Kva rettar har du i denne situasjonen?

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2020

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi