Hopp til innhald

Fagstoff

Kor mykje kostar det å bu for seg sjølv?

Du er kanskje ikkje vant til å måtte betale så mykje for å bu heime? Kor mykje kostar det eigentleg å flytte heimanfrå? Vil pengane strekkje til?
Pengar i stablar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du les artikkelen

Tenk etter og skriv ned: Kor mykje pengar trur du at du vil du bruke kvar månad om du flyttar heimanfrå?

Bukostnader

Ved leige av bustad

Husleige blir vanlegvis betalt ein gong i månaden. I tillegg må du som oftast betale inn eit depositum når du flyttar inn i bustaden. Du treng òg innbuforsikring.

Sjekk om du kan bruke innbuforsikringa til foreldra dine

Ungdommar som flyttar for seg sjølve, kan framleis vere dekte av innbuforsikringa til foreldra. Dette bør du derfor sjekke med forsikringsselskapet til foreldra dine. Det kan vere tilfelle viss du er under ein viss alder (til dømes 21 år) og framleis har folkeregistrert adresse hos foreldra dine.

Ved kjøp av bustad

Har du kjøpt bustad, må du kvar månad betale renter og avdrag på lånet ditt. Har du kjøpt leilegheit i eit burettslag, må du òg betale felleskostnader, som skal dekkje eventuell fellesgjeld og vedlikehaldsutgifter.

I tillegg kjem kommunale avgifter og forsikring av bustad. Du treng både husforsikring og innbuforsikring.

Straum

Uavhengig av buform må du betale straum. Berre unntaksvis er det inkludert i husleiga.

Kor mykje kostar straum?

Sjekk sjølv: Har du eit gjennomsnittleg straumforbruk?

Reiseforsikring

Reiseforsikring bør du ha, så om du ikkje er dekt av reiseforsikringa til familien, bør du kjøpe di eiga. Reiseforsikring for familiar dekkjer ofte ungdommar opp til 20–22 år.

Kor mykje kostar reiseforsikring?

Sjekk ut kva det kostar å ha reiseforsikring (Finansportalen).

Mat

I snitt brukte studentar 3.316 kroner i månaden på mat i 2019, ifølgje ei undersøking gjennomført av Respons Analyse for DNB. Dette gjer mat til den nest største utgifta etter bustad.

Kor stort matbudsjett folk har, varierer veldig. Det kjem an på både kor mykje folk et, og ikkje minst kva type matvarer dei kjøper. Det kan vere lurt å planleggje og handle for ei veke om gongen, og å unngå impulskjøp. Ta med matpakke, så bruker du mindre pengar i kantina.

Korleis kan du bruke mindre pengar på mat?


Slik sparte Minn og Gard nær 6000 kroner i måneden (nrk.no)

Slik sparer Karen (22) store summar på mat (DnB).

Transport

Har du bil, må du budsjettere med drivstoffkostnader, forsikring, reparasjonar og parkering. Viss ikkje treng du kanskje månadskort på buss, bane eller tog?

Kor mykje kostar det å ha bil?

Berekn årlege bilkostnader for bruktbil (Smarte pengar).

Mobil, internett og straumetenester

Mobilabonnement, internett, musikk og straumetenester må du òg hugse å ta med i månadsbudsjettet ditt.

Klede og skor

Fretex-butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her er det store variasjonar på kor mykje ungdommar brukar. Nokon sparer pengar ved å ha shoppe-stopp, andre handlar brukt eller syr sjølve.

Fritidsaktivitetar

Under denne budsjettposten inngår eventuelle kontingentar, sosiale aktivitetar, feriar og liknande.

Set opp ditt eige budsjett

Finn ut kor mykje pengar du treng kvar månad for å kunne bu for deg sjølv. Bruk lenkjene nedanfor. Korleis ser dette budsjettet ut samanlikna med dei tala du sat opp før du las artikkelen? Er det noko som overraska deg?

Nyttige lenker

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2020

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi