Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forarbeid til jobbsøknad

Ein god jobbsøknad kan opne mange dører for deg. Det kan vere lurt å fokusere på innhaldet før du byrjar på sjølve skrivinga, altså å gjere eit grundig forarbeid.
Ung mann fortel om seg sjølv i eit jobbintervju. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

Oppgåve 1

Når du skal søkje jobb, er det viktig å få fram kva slags eigenskapar du har som er verdifulle på ein arbeidsplass. Mange synest det er vanskeleg å finne dei rette orda for å beskrive seg sjølv på ein positiv måte, derfor er det lurt å øve seg på å kjenne igjen slike eigenskapar i seg deg sjølv og andre.

  1. Vel deg ein rollemodell i yrket ditt. Det kan vere ein person som jobbar ein stad der du har vore på utplassering, ein lærar på skulen eller ein annan person innanfor fagområdet du vil jobbe i.
  2. Kva slags eigenskapar har dette mennesket som gjer at du ser opp til han eller ho? Skriv ned minst tre eigenskapar. Del så det du har skrive med sidemannen.
  3. Skriv så orda på post-it-lappar som de klistrar på ein stad der alle i klassen kan sjå dei. På denne måten får de plutseleg ein heil meny av gode eigenskapar på jobb som de kan plukke frå.
  4. Kva eigenskapar har du i ein jobbsamanheng? Kva eigenskapar ønskjer du at du hadde? Skriv ned desse eigenskapane og lagre dei ein stad du finn dei igjen. Du får bruk for dei når du skal beskrive deg sjølv i ein jobbsøknad.

Oppgåve 2

Kva slags eigenskapar ser arbeidsgivaren etter hos arbeidstakaren? Finn ut kva for nokre av eigenskapane dine som er relevante i jobbar du kan søkje på.

  1. Finn den typen stillingar du tenkjer at du ønsker å jobbe med i framtida på Navs nettsider. Vel ut 3–5 annonsar for jobbar du kunne tenkje deg å søkje på. Lag ei liste over eigenskapar som blir nemnde i annonsane.
  2. Kva for nokre av eigenskapane dine ser ut til å vere etterspurde hos arbeidsgivarar i bransjen din? Sjekk dette med lista du laga over eigne eigenskapar i oppgåve 1.
  3. Er det nokon eigenskapar som går igjen i fleire annonsar? Samanlikn og diskuter med ein medelev: Kvifor trur de desse eigenskapane kan vere viktige for arbeidsgivarar?

Oppgåve 3

No er du snart klar for å skrive sjølve søknaden. Du veit meir om kva eigenskapar du har og kva arbeidsgivaren spør etter, men korleis kan du få fram dette på best mogleg måte i ein jobbsøknad?

  1. Kva for nokre av desse setningane meiner du tydelegast viser at den som har skrive det er ansvarsmedviten?
    "Som person er eg ansvarsmedviten og punktleg". "Dei siste åra har eg vore speidarleiar for barn i aldersgruppa 7–10."
    Diskuter med ein medelev. Grunngi svaret de kjem fram til.
  2. Ein arbeidsgivar ønskjer at den som søkjer på stillinga skal vere punktleg, ansvarsmedviten og samarbeidsvillig. Diskuter med ein medelev: Korleis kan du vise at du er rett person for jobben i ein søknad? Skriv ned minst tre setningar som viser at de har dei eigenskapane.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2019

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi