Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å flytte heimanfrå – oppgåver

Kva skal du gjere når du flyttar heimanfrå? Skal du kjøpe eller leige ein stad å bu? Skal du bu for deg sjølv eller saman med andre? Finn ut kor mykje dei ulike alternativa kjem til å koste.
Ein dataskjerm viser forsida til Finn.no
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk artikkelen om å flytte heimanfrå for å svare på spørsmåla.

Du kan jobbe med desse oppgåvene på tre ulike måtar
  • Du kan jobbe for deg sjølv og ta utgangspunkt i den økonomiske situasjonen din.
  • Du kan jobbe i ei gruppe med andre elevar. De skal ta utgangspunkt i dykkar eigen situasjon og tenkje at de skal flytte saman i eit kollektiv i næraste by eller tettstad.
  • Du kan jobbe i ei gruppe med andre elevar der de diktar opp kvar dykkar person, kvar deira avatar. Du må mellom anna bestemme:

    • namn, kjønn og utsjånad
    • alder og bustad
    • interesser og framtidsplanar

    Du kan til dømes velje at du Kristian som er 19 år, nettopp ferdig med vidaregåande og i ferd med å flytte til Trondheim for å studere økonomi på BI.

  1. Leige eller eige?

    1. Kva er fordelane og ulempene med å leige ein stad å bu?
    2. Kva er fordelane og ulempene med å kjøpe ein stad å bu?
  2. Leige

    Tenk deg at du eller de skal leige ei leilegheit.
    1. Gå inn på finn.no.
    2. Kor mykje vil det koste i månaden å leige leilegheita?
    3. Kva er husleiekontrakt og depositum? Kor mykje må du rekne med å betale i depositum?
    4. Kva slags forsikring treng du når du leiger? Kor mykje vil det koste i månaden? Kva konsekvensar kan det få om du ikkje har forsikring?
  3. Kjøpe

    Tenk deg at du eller de skal kjøpe ein stad å bu.
    1. Kor mykje kan du eller de ta opp i lån? Ta utgangspunkt i eigne føresetnader. Forklar kva som set avgrensingar for kor mykje de kan låne.
    2. Finn ein bustad på Finn.no som er innanfor det de har høve til å låne. Kor mykje vil det koste å kjøpe denne leilegheita eller bustaden?
    3. Kva består dei månadlege utgiftene for lånet av? Berekn dei månadlege utgiftene de vil få.
    4. Kva andre utgifter enn kjøpesummen for bustaden må de rekne med når de kjøper ein stad å bu?
  4. Avgjerda

    Bestem til slutt om du eller de vil kjøpe eller leige ein stad å bu. Skriv ei kort grunngiving for kvifor de valde det eine eller det andre.

Relatert innhald

Når du skal flytte for deg sjølv, har du mange moglegheiter. Du kan kjøpe eller leige bustad, og du kan bu åleine eller saman med andre.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2020

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi