Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Best i test!

For å gjere det lettare for oss å ta berekraftige val når vi kjøper noko, er det utvikla ei rekkje merkeordningar. Desse gir informasjon om miljø, sosiale forhold og dyrevelferd. I tillegg bør vi vurdere transport og bruk av emballasje. Samanlikn ulike varer og kår den mest berekraftige!
Tre kvinner går med bæreposer fra shopping. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag

Du jobbar med å lage forbrukarstoff for ein kjend TV-kanal, ei avis eller ein blogg. Lag ein reportasje der du samanliknar fleire produkt frå same varegruppe på bakgrunn av ei rekkje berekraft-kriterium.

Tidsbruk og organisering

2 timar. Rekn med meir tid dersom du skal kjøpe inn varer.

Set i gang!

Finn ut kva for type vare du skal vurdere. Det er lurt å velje ein varetype som det er lett å finne informasjon om (for eksempel klede, kaffi, meieriprodukt, frukt, sjokolade, fisk, vaskemiddel). Varene må kunne samanliknast.

Bestem kva for kriterium du skal vurdere varene ut frå. Dette kan vere kor miljøvennlege varene er (sjå etter miljømerke), sosiale forhold og lønn til produsentar (sjå etter merking), kor vara er produsert (lokalt/importert), bruk av emballasje (nødvendig/resirkulert/resirkulerbar/nedbrytbar), om vara er testa på dyr, og andre kriterium.

Forbrukarrådet si merkeoversikt

Diskuter:

Kva for kriterium meiner de er viktigast for å vurdere om eit produkt er berekraftig?

Finn informasjon om dei ulike produkta. Søk på Internett, kjøp inn varene, ta med heimanfrå eller spør i butikken. Gi varene poeng ut frå korleis du meiner dei skårar på dei ulike kriteria. Dei kriteria som er viktigast for å vurdere om produktet er berekraftig, bør bli gitt størst vekt.

Vurderingsskjema
Vurderingsskjema

Kva blir vurdert

Produkt 1

Produkt 2

Miljø (sjå etter merking)

Rettferdig produksjon (sjå etter merking)

Emballasje (unødig emballasje, resirkulert, resirkulerbar)

Pris

Transport (produsert lokalt / importert)

Smak/utsjånad

Energi (om aktuell)

Sum:

Tips: Gi karakter på ein skala frå 1 til 6 for dei viktigaste kriteria for berekraft. Mindre viktige kriterium kan vurderast etter ein skala frå 1 til 3.

Filer

No blir det spanande å sjå kva for ei vare som blir best i berekraft-testen din!

Produkt

Resultata kan presenterast som ein video, ein biletserie, infografikk, blogginnlegg eller ein kombinasjon av desse.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin, Ragnhild Kjeldsen og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2020

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi