Hopp til innhald

Fagstoff

Flytte heimanfrå

Kva moglegheiter har du når du skal flytte heimanfrå? Kan du kjøpe din eigen bustad, eller bør du leige ein stad å bu? Vil du bu for deg sjølv eller saman med andre?
To personar som sit i ei leilegheit med flyttekassar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjøpe eller leige leilegheit?

Kva er best av å kjøpe eller leige? Det er ikkje noko enkelt svar på det spørsmålet. Her er det mange faktorar du må ta omsyn til. Har du nok eigenkapital til å kjøpe? Er det sannsynleg at leilegheita vil stige i verdi? Du tek større risiko ved å kjøpe enn ved å leige, men det kan òg vere meir lønnsamt.

Leige bustad

Skal du leige bustad, må du tenkje gjennom om du har lyst til å bu for deg sjølv eller dele med andre. Vil du bu saman med andre, kan du anten gå saman med nokon du kjenner, eller du kan leige eit rom i eit eksisterande

Det er mange måtar å finne bustad på. Nokon får leige gjennom kjente, medan andre bruker ulike nettstader for utleige av bustad.

Leigekontrakt

Det er vanleg å skrive leigekontrakt, og det er eit krav i lova om ein av partane krev det. Husleieloven er ufråvikeleg, det vil seie at det ikkje er lov å avtale noko i leigekontrakten som bryt med lova.

Det er vanleg at utleiger krev eit . Depositumet skal setjast inn på ein sperra konto i ditt namn.

Forsikring

Utleigar er ansvarleg for forsikring av bustaden, men du som leigetakar må teikne innbuforsikring. Denne forsikringa skal dekkje dine eigne eigedelar i bustaden, ved til dømes brann eller innbrot.

Kjøpe bustad

Den mest brukte søkesida for kjøp av bustad, er Finn.no. Her kan du leggje inn mange filter for å avgrense søket ditt, som stad, talet på soverom og pris. Ulike eigedomsmeklarar averterer òg i aviser og på sosiale medium.

Ta opp huslån

Banken stiller krav om både eigenkapital og inntekt for at du skal få lov til å låne pengar. Du må ha 15 % eigenkapital. Det vil seie at om du skal kjøpe ei leilegheit til 2 millionar kroner, må du ha 300 000 kroner i eigenkapital. I tillegg må du ha ei årleg inntekt på minst 400 000 kroner.

Andre kostnader ved kjøp av bustad

Ved kjøp av bustad må du betale 2,5 % dokumentavgift til staten. Kjøper du ein bustad til 2 millionar, må du altså i tillegg betale 50 000 kroner i avgift til staten.

Det er ulike bustadtypar: sjølveigar, burettslagsleilegheit / andelsleilegheit og aksjeleilegheit. Kva for nokre av desse typane av leilegheit du kjøper, påverkar både kostnadene dine ved sjølvet kjøpet og ved å bu der.

Kjøper du leilegheit i eit burettslag, kjem det ofte ei fellesgjeld i tillegg. Dette er eit lån som burettslaget har teke opp for oppussing og vedlikehald av bygninga. Den reelle prisen på leilegheita er derfor kjøpesummen pluss del av fellesgjeld og dokumentavgift.

Når du eig din eigen bustad, må du betale kommunale avgifter, medan når du leiger, inngår det i leiga. Kommunale avgifter er betaling til kommunen for vatn, avløp, renovasjon og feiing.

Du kan lære meir om korleis du kan oppnå bustaddraumen på NRK sin podkast Boligmarkedet for nybegynnere – Burde vært pensum – NRK Radio.

Lenkesamling:

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2020

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi