Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis lagar du eit personleg budsjett?

Den beste måten å få oversikt over økonomien din på, er å lage ein plan. Viss du lagar ein plan over utgiftene og inntektene dine, kan du alltid sørgje for å ha nok pengar.

Viss du skal ha kontroll over din eigen økonomi, må du ha ein plan over alle inntektene og utgiftene dine. Denne planen kallar vi eit budsjett.

Budsjettet gjer det enkelt for deg å sjå kva du bruker pengar på og gjer det lettare for deg å spare og prioritere riktig.

For å få full oversikt burde du setje opp eitt budsjett for kvar månad og eitt budsjett for heile året.

Enkelt budsjett

Det finst mange ulike måtar å setje opp eit personleg budsjett, men det burde innehalde ei oversikt over følgjande punkt:

Inntekter:
Alt du får inn av pengar kvar månad.
Faste utgifter:
Det du må betale kvar månad, til dømes husleige, straum og mobilabonnement.
Variable utgifter:
Utgifter som varierer kvar månad, til dømes kafébesøk eller impulskjøp.
Sparing.

Det kan vere lurt å leggje inn eit eige punkt med sparing. Då har du pengar i bakhand viss det skulle dukke opp nokre uventa utgifter, og det gjer det som regel.

Hugseliste når du set opp budsjett

Inntekter

  • Lønn
  • Gåver
  • Lommepengar
  • Ekstra inntekter. Viss du til dømes sel noko brukt eller tener litt ekstra ved å moke snø for naboen.

Faste utgifter

  • Husleige/huslån
  • Straum
  • Forsikringar
  • Abonnement (telefon, musikk, media )
  • Bil og transport
  • Barnehage og aktivitetskole (SFO)

Variable utgifter

  • Reiser
  • Mat og daglegvarer
  • Hushaldsartiklar og møblar
  • Klede og sko
  • Personleg pleie
  • Leik og fritid
  • Restaurant og kafébesøk
  • Gåver og velgjerd

Sparing

  • Bustadsparing for ungdom
  • Bufferkonto til uventa utgifter
  • Sparing til feriar eller større innkjøp

Her ser du eit døme på eit enkelt månadsbudsjett for ein student.

Månadsbudsjett

Inntekter

Beløp

Utgifter

Beløp

Lønn kveldsjobb

6300

Faste utgifter:

Gåve frå onkel Rolf

300

Husleige

6000

Lån og stipend

11571

Straum

480

Ekstrajobb barnepass

800

Abonnement (mobil og Spotify)

450

Forsikring

110

Transport (månadskort)

819

Variable utgifter:

Personleg pleie

810

Mat og drikke

3100

Nytt skrivebord

850

Leik og mediebruk

1600

Klede og sko

950

Gåver

350

Restaurant og kafébesøk

810

Sparing

Bustadsparing for ungdom (BSU)

1000

Bufferkonto

500

Sparing til ny mobil

400

Sum

18971

18229

Rest

742

To jenter ser på et klesplagg i butikken.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tips og råd

I nettbanken din kan du ofte få ei oversikt over kva du har brukt pengar på kvar månad. Denne oversikta kan gjere det lettare å lage ein framtidig plan.

Hugs at ein del utgifter og inntekter kan variere.

  • På vinteren må du betale meir i straum enn om sommaren.
  • Om sommaren treng ein pengar til ferie, men då får ein òg feriepengar.
  • Til jul må ein ofte bruke litt ekstra på gåver, men i desember trekkjer arbeidsgivaren som regel halv skatt, og du får meir utbetalt i lønn.
  • Når du leiger ei leilegheit, må du ofte betale eit depositum før du flyttar inn.

Budsjett og rekneskap

Kva er forskjellen på budsjett og rekneskap?

Eit budsjett er ein plan for korleis du vil bruke pengar i framtida. Her set du opp ei oversikt over kva du reknar med å få av inntekter og utgifter i løpet av ein månad eller eitt år.

Ein rekneskap er ei oversikt over kva du faktisk har fått i inntekter og kva du faktisk har brukt pengane på. Du kan bruke nettbanken til å få ei oversikt over kva du har brukt pengane på.

Saldo

I nettbanken din får du òg gitt opp saldoen din. Saldoen er summen av alle pengane du har fått inn og brukt på kontoen din.

  • Saldoen kan vere negativ og positiv. Viss du du har brukt meir pengar enn du har fått inn, får du ein negativ saldo med eit minusteikn føre. Når saldoen er i minus, er du tom for pengar og skyldar banken det oppgitte beløpet.
  • Banken skil òg mellom disponibel og bokført saldo. Disponibel saldo, eller disponibelt beløp, er dei pengane du faktisk kan bruke på kontoen din. Bokført saldo (eller av og til berre saldo) er det beløpet du har ståande inne på kontoen din. Desse to beløpa er ikkje like fordi det ofte kan ta litt tid før alle betalingar blir registrerte. Viss du til dømes betaler på ein restaurant laurdag kveld, blir beløpet ofte reservert på kontoen din. Då blir det trekt frå den disponible saldoen med ein gong, men det dukkar kanskje ikkje opp på den bokførte saldoen din før måndag, når det blir registrert.
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2020

Læringsressursar

Pengesmart – personleg økonomi