Hopp til innhald

Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1)

Råvarer, tillaging og produksjon

Å foredle råvarene på ein god måte er viktig både for å framheve smaken, auke haldbarheita og jobbe på ein berekraftig god måte. Best mogleg tillaging og produksjon i alle ledd er viktig for god økonomi i bedrifta du skal jobbe i.

Dessertar og kaker

Mange er glade i dessertar og kaker, og det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor. I dette søte emnet vil du lære om ulike typar dessertar og kaker, korleis dei blir laga, og korleis du kan servere dei på ein kreativ og smakfull måte som vil imponere gjestane.

Læringsressursar

Dessertar og kaker

Dessertar

Etter ein salt middag smakar det ofte godt med noko søtt eller syrleg. Oppgåva til desserten er å runde av måltidet og setje prikken over i-en. Vi kan lage dessertar i tallause variasjonar, og dei er som oftast ei oppleving for både auge og gane.