Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Variantar av sjokolademousse

Sjokolade finst i mange variantar og kvalitetar. Kor mykje kakaomasse og tilsett sukker sjokoladen inneheld, påverkar både smak og konsistens på produktet.
Sjokolademousse i ei kvit skål, pynta med friske bringebær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Gå saman i par og lag sjokolademousse. Fordel slik at nokre grupper bruker kvit sjokolade, nokre grupper bruker mjølkesjokolade, og nokre grupper bruker mørk sjokolade.

Lag ulike variantar av sjokolademousse, og vurder smak og konsistens på dei ulike variantane.

Sjokolademousse med to ingrediensar

Ingrediensar

Til 12 personar.

  • 5 egg

  • 150 g sjokolade

Framgangsmåte

  • Skil egga i plommer og eggekvitar.

  • Smelt sjokoladen over vassbad.

  • Stivpisk eggekvitane.

  • Rør inn eggeplommer i den smelta sjokoladen.

  • Løft inn dei stivpiska eggekvitane i sjokoladen, 1/3 av gongen. Ha over i glas, i ei eigna form eller i sprøytepose for å sprøyte ut moussen.

Smak og vurder

  • Er det stor forskjell i smak?

  • Er det stor forskjell i konsistens?

  • Kva synest de smakte best?

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Dessertar og kaker