Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lukt, smak og konsistens

I denne praktiske oppgåva skal du samanlikne og diskutere konsistens, smak og utsjånad på parfaitar og vaniljekrem.
Jorbær parfait tatt frå ei form og lagt fint opp på tallerken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve – parfait

Lag ei grunnoppskrift på parfait av 1 l fløyte. Tøm denne smeten i fire ulike bollar, og bland inn:


1. bolle: 100 g mosa og passert bringebær
2. bolle: 1 dl sterk espresso
3. bolle: 3 cl rom eller ein valfri likør
4. bolle: 25 g hakka nøtter og 25 g hakka sjokolade

Legg parfaiten i former, og set dei i frysen til dagen etter. Samanlikn konsistensen på dei fire parfaitane. Kva for ein har den beste konsistensen? Beskriv konsistensen for alle fire. Diskuter korleis du kan justere konsistensen for dei to som kom dårlegast ut.

Oppgåve – vaniljekrem

Lag ein 0,5 liter ekte vaniljekrem og 0,5 liter kaldrørt vaniljekrem. Skildre smak, lukt, konsistens og utsjånad på begge. Vurder kremane opp mot kvarandre. Gje døme på nytta av desse to kremane, og grunngje svaret ditt.

CC BY-SASkrive av Gro Birgitte Eriksson.
Sist fagleg oppdatert 28.09.2022

Læringsressursar

Dessertar og kaker