Hopp til innhald

Fagstoff

Sjokolademousse

Kva er vel betre enn luftig sjokolademousse som smelter på tunge? Det er ei perfekt avslutning på eit godt måltid, og moussen kan anten serverast åleine som dessert eller brukast som fyll i ei støypt kake. Her får du sjå korleis konditoren lagar sjokolademousse og støyper ei sjokolademoussekake.

Mørk sjokolademousse

Ingrediensar

  • 165 g eggeplommer

  • 1 egg

  • 180 g sukker

  • 300 g mørk sjokolade, ca. 54 % 

  • 300 g mørk sjokolade, ca. 60–70 % 

  • 930 g fløyte

Framgangsmåte

  1. Set sjokoladen til smelting i vassbad. Rør i sjokoladen med ein sleikepott undervegs, og ta han av varmen med ein gong han er smelt.

  2. Pisk egg og eggeplommer saman på full fart i ei kjøkkenmaskin.

  3. Ha sukkeret i ei lita gryte og ha på vatn slik at det akkurat dekker sukkeret. Set på nesten full varme. Sukkeret skal kokast til det når 120 gradar, bruk sukkertermometer.

  4. Pisk fløyten til "softiskonsistens".

  5. Når sukkeret er 120 gradar, heller du det i ein tynn stråle i eggeblandinga på middels fart på maskina. Pisk denne blandinga til ho ikkje kjennest varm ut meir, kjenn på utsida av piskebollen.

  6. Bland så litt av kremen i sjokoladen. Bland blandinga oppi eggedosisen for hand med ein sleikepott.

  7. Bland til slutt den siste kremen forsiktig i.

Denne moussen kan serverast i dessertglas eller støypast i ei sjokolademoussekake.

Sjokolademousse blir rørt med ein sleikepott i bollen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mjølkesjokolademousse

Ingrediensar

  • 270 g lettmjølk

  • 4 plater gelatin

  • 420 g mjølkesjokolade, ca. 33 % 

  • 380 g fløyte

Framgangsmåte

  1. Legg gelatinen i iskaldt vatn, la han ligge ca. 5–10 min.

  2. Pisk fløyten til "softiskonsistens".

  3. Set over mjølka til varming. Rør i ho undervegs, ho skal ikkje koke, men varmast opp til kokepunktet.

  4. Ta mjølka av varmen når ho er varm nok. Vri gelatinen godt opp, og ha han i mjølka. Rør ut gelatinen i den varme væska, og hell dette over sjokoladen.

  5. Bland kremen varsamt inn i sjokoladen når han har smelta.

Om moussen blir veldig flytande, kan han stå kjølig og setje seg litt før du fyller han i ønskt form. Skal moussen brukast som innlegg i ei kake, støyper du han i ei form som er litt mindre enn forma til den kaka innlegget skal vere i. Moussen må då frysast før han blir brukt som innlegg.

Sett moussen på frys, og la han bli heilt frosen før han skal brukast.

Støyping av sjokolademoussekake med innlegg

Når vi støyper ei sjokolademoussekake, startar vi med å kle ein stålring med innleggsplast. Det gjer vi for at moussen skal sleppe enklare når han er frosen.

Legg ein kakebotn i ringen, omtrent ein centimeter mindre enn sjølve ringen til kaka. Sprøyt mørk sjokolademousse oppi ringen. Start ytst i kanten, og sprøyt i sirklar innover så du dekker botnen med eit lag mousse. Bruk så ein palett for å dra opp moussen langs kanten på heile ringen, for å unngå riller, luftbobler og liknande på kanten av kaka.

Ein nøttebotn i ei kakeform har fått sjokolademousse sprøytt rundt heile kaka. Ein palett blir brukt til å dra opp moussen langs kanten på heile ringen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Legg så oppi innlegget du har laga av mjølkesjokolade, og trykk det litt ned. Dekk innlegget og kantane med mousse, og stryk han glatt på toppen med ein palett.

Sett moussen på frys, og la han bli heilt frosen før han skal brukast.

CC BY-SASkrive av Cathrine Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 27.02.2024

Læringsressursar

Dessertar og kaker