Hopp til innhald

Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1)

Råvarer, tillaging og produksjon

Å foredle råvarene på ein god måte er viktig både for å framheve smaken, auke haldbarheita og jobbe på ein berekraftig god måte. Best mogleg tillaging og produksjon i alle ledd er viktig for god økonomi i bedrifta du skal jobbe i.

Krafter, sausar og supper

Ei god kraft er utgangspunktet for ei god suppe eller ein god saus. Supper er anten ein flott forrett eller ein hovudrett åleine. Ein god saus er ofte det som hevar ein rett frå ok til særs bra.