Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Datalab med Windows Server og generisk nettverk (utvida)

Rettleiing

Melde ei klientmaskin inn i eit domene

For at domenekontrollaren (AD) skal kunne styre einingar i nettverket, må dei vere tilknytte/innmelde i domenet. I denne artikkelen viser vi korleis du kan gjere dette med ei Windows 10/11-klientmaskin.

Tidlegare har du sett opp domenekontrollar, DNS-server og DHCP-server på serveren og laga brukarkonto i domenet. Neste steg er då å melde inn ei klientmaskin og teste at du kan logge på med brukarkontoen frå domenet.

Start med å logge inn på klientmaskina di. Du loggar inn med den lokale administratorbrukaren du laga under installasjonen.

Set eit fornuftig maskinnamn

Logg inn på klientmaskina og bruk den alternative startmenyen (høgreklikk på Windows-ikonet nede i venstre hjørne). Vel "System".

Skroll ned til du finn valet "Rename this PC".

Skriv inn eit enkelt namn på maskina.

Trykk på "Next" når du er ferdig. Du får no spørsmål om du vil restarte maskina for å ta i bruk det nye namnet med det same. Vel "Restart now", og la klientmaskina starte på nytt.

Etter omstarten kan du sjå i "System"-vindauget igjen for å sjekke at maskinnamnet er blitt endra.

Meld klientmaskina inn i domenet

I Windows 10/11 er det to ulike stader der vi kan endre innstillingane til maskina: kontrollpanelet (Control Panel) og innstillingar (Settings).

Kontrollpanelet (Control Panel) har vore med i alle Windows-versjonane, og dei fleste justeringar kan gjerast der. Innstillingar (Settings) er nytt med Windows 10/11 og er enklare sett opp og meir brukarvennleg. Dessverre manglar det enno litt innhald for at innstillingar (Settings) fullverdig skal kunne ta over for kontrollpanelet.

Trykk på Windows-ikonet i nedre venstre hjørne av skjermen (eller søkefeltet ved sida av).

Skriv inn "Control Panel" (eller "kontrollpanel" om operativsystemet er på norsk). Då får du opp det tradisjonelle kontrollpanelet.

Oppe i høgre hjørne kan du skru over frå kategorivising til små eller store ikon. Vel det som passar best for deg.

Vel "System" frå lista. Du vil no få opp systeminformasjon. Nede til venstre under seksjonen for "Computer name, domain and workgroup settings" trykker du på "Change settings".

Eit vindauge med tittelen "System Properties" vil no komme opp. Her trykker du på knappen "Change …" som er ved sida av teksten "To rename this computer or change its domain or workgroup, click Change".

Trykk i feltet "Domain:" i vindauget som kjem opp, og skriv inn domenenamnet som du har for oppsettet ditt.

Trykk på "OK" for å gå vidare.

Du vil no bli spurd om brukarnamn og passord til ein domenebrukar med rett til å melde inn maskiner i domenet. Her må du bruke administatorbrukaren frå Windows-servermaskina di.

Trykk på "OK". Innmeldinga kan ta nokre sekund.

Om innmeldinga blir godkjend, får du opp ei velkomstmelding. Trykk på "OK" på denne. Du vil så få opp ei åtvaring om at maskina må restarte. Trykk på "OK".

Du blir no send tilbake til "System Properties"-vindauget. Her trykker du på "Close" for å avslutte innmeldinga. Du vil no få opp eit vindauge for å restarte maskina. Lukk andre program, og vel "Restart Now".

Ved mislykka innmelding

Dei fleste som får problem med å melde maskina inn i domenet, har fått det på grunn av ei av årsakene under:

  1. Brukarnamnet eller passordet for innmelding var feil. Prøv på nytt, og sjekk eventuelt i Windows Server-installasjonen din kva som er brukarnamnet til administratorbrukaren din.

  2. Domenenamnet som er forsøkt brukt, er feil. Dobbeltsjekk at det er riktig. Du finn domenenamnet i Windows Server-installasjonen.

  3. Innmelding i domene avheng av at domene-oppslaget til klientmaskina går via DNS-serveren du har sett opp på Windows Server. Sjekk med CMD (command prompt) og kommandoen ipconfig /all. Sjekk at "DNS servers"-adressa er den same som IP-adressa til Windows Server-maskina di. Om ho ikkje er det, kan du prøve å bruke kommandoane ipconfig /release og ipconfig /renew for å be om ny IP-adresse og informasjon frå DHCP-serveren.

    Om dette ikkje fungerer, kan det vere at du må rekonfigurere DHCP-serveren din eller bruke ei statisk IP-adresse på klientmaskina di. Då kan du legge inn DNS-server manuelt på klienten. Dette tilrår vi eigentleg ikkje, men det er ei mogleg nødløysing.

Logg inn med domenebrukaren

Når klientmaskina har starta på nytt, vil påloggingsvindauget sjå likt ut som tidlegare. Det er enno mogleg for deg å logge inn med den lokale administratorbrukaren.

For å teste pålogging til domenet må du velje "Other user" nede til venstre på påloggingsskjermen. Du vil då få opp felt for brukarnamn og passord. Du kan òg sjå kva domene maskina vil prøve å logge på (i dømet under er dette forkorta til "LAB").

Skriv inn brukarnamn og passord på domenebrukaren du sette opp tidlegare. I vårt høve er dette ein brukar med brukarnamnet "nilnil".

Under pålogginga vil du sjå at det fulle namnet til brukaren kjem opp. Den første pålogginga vil ta litt tid, men i løpet av eit par minutt er du ferdig innlogga med domenebrukaren.

Får du logga inn med domenebrukaren på klientmaskina, beviser det at du har har sett opp og basiskonfigurert alle tenestene som trengst for eit enkelt bedriftsnettverk med domenekontrollar.

Dette er noko dei fleste, sjølv datainteresserte, aldri set opp.

Med eit oppsett som ditt er det enkelt å utvide med fleire brukarar, grupper og maskiner og å gjere tilpassingar for å dekke dei unike behova ei ekte bedrift måtte ha.

Du er sannsynlegvis ikkje ferdig med oppsettet ditt, men du har komme langt og har no eit fungerande grunnoppsett. Gratulerer!