Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

CC BY-SA

I denne guiden (læringsstien) går vi gjennom stega som trengst for å setje opp ein fysisk testlab med Windows Server 2019-servermaskin, Windows 10-klient og UniFi-nettverk. Oppsettet simulerer sentrale delar av eit oppsett som kan vere aktuelt for driftsmiljøet til ei lita bedrift.

Guiden dekkjer installasjon av operativsystem, oppsett av grunnleggjande nettverk, Hyper-V, DNS og DHCP-teneste på serveren. Vi ser òg på oppretting av OU-ar og domenebrukarkontoar. Til slutt i guiden gjer vi første pålogging med domenebrukarkonto på klientmaskina.

Denne guiden (læringsstien) er ein forenkla versjon med mindre fagstoff om tenestene undervegs i rettleiinga. Den utvida versjonen heiter «Datalab med Windows Server og UniFi-nettverk (utvida)».

For å gjennomføre denne guiden treng du to datamaskiner (éi vil fungere som server, og den andre er klient). (Obs: Eksisterande operativsystem og data på desse maskinene vil bli sletta i prosessen.) Du treng ein Ubiquiti UniFi-ruter (som USG) og ein svitsj (helst òg av typen UniFi), og du vil trenge nettverkskablar, tastatur, mus og skjerm. Om du ikkje har UniFi-basert nettverksutstyr, har vi eigne læringsstiar for slike oppsett. Snakk med læraren din om kva sti du skal følgje.

Du treng internettilgang til ruteren og ein minnepenn du bruker til å lage installasjonsmedium. (Obs: Eksisterande innhald på minnepennen vil bli sletta i prosessen.)