Hopp til innhald

Fagstoff

Innstillingar og adopsjon av einingar i UniFi

Når du har fått tilgang til hovudsida (dashboard) til UniFi-kontrolleren, er neste oppgåve å justere innstillingar og adoptere nettverkseiningane slik at UniFi-kontrolleren får kontroll over einingane.
Utklipp frå ein nettlesar som viser hovudsida (dashboard) til UniFi-kontrolleren. Skjermbilete.

Aktivere klassisk innstillingsmeny

Brukargrensesnittet til UniFi-kontrolleren er under fornying. Mellom anna er det laga eit nytt design for innstillingsmeny («Settings»).

Denne kan du finne ved å trykkje på tannhjulikonet nedst i menyen til venstre frå hovudsida.

Utklipp frå ein nettlesar som viser ein enkel meny med vala «WiFi», «Networks», «Security», «Internet», «System Settings» og «Advanced Features». Skjermbilete.
To kolonnar. Til venstre er den nye innstillingsmenyen. «System Settings» er valt i denne menyen. Til høgre ser vi detaljerte innstillingar. Musepeikaren er over brytaren for «New Settings». Skjermbilete.

Det nye menydesignet kjem no som standard. Det gir eit enklare og mindre truande inntrykk, men det gir ikkje tilgang til alle innstillingar. Det er derfor førebels tilrådd å byte til den klassiske utsjånaden.

Dette gjer du ved å velje «System Settings» og slå av «New Settings»-knappen.

Nedst på skjermen vil det komme fram ein knapp som er merkt «Apply Change». Trykk på denne for å ta endringa i bruk.

Innstillingsmeny med mange moglege val i venstre kolonne og mange detaljar i høgre kolonne. Skjermbilete.

Set namn på nettverket

Inne i innstillingsmenyen («Settings») under «Site»-undermenyen finn du innstillinga for «Site Name».

Set eit fornuftig namn på nettverket ditt. Dette namnet blir berre brukt av UniFi i tilfelle der kontrolleren styrer fleire ulike lokasjonar.

Hugs å lagre forandringa ved å trykkje «Apply Changes» nede til venstre.

Justere nettverksinnstillingar

Opne undermenyen «Networks».

Du får no opp ei liste over logiske nettverk som er sette opp. Du skal i utgangspunktet berre få opp eitt, med namnet «LAN». Gå inn i konfigurasjonen til nettverket ved å trykkje «Edit».

Forskjell mellom fysisk og logisk nettverk

Når vi arbeider med nettverk, må vi handtere to ulike aspekt samtidig. Det reint fysiske (korleis einingar er kopla fysisk saman) og det logiske (korleis data går internt i utstyr og mellom einingar og nettverk).

Eit enkelt døme på dette kan vere ein konfigurerbar svitsj med VLAN. Svitsjen har til dømes fire fysiske portar som kan koplast til andre nettverksutstyr eller datamaskiner.

Nettverket har òg tre ulike VLAN. Eit driftsnettverk, eit tilsettnettverk og eit gjestenettverk. Ein fysisk nettverksport kan overføre fleire VLAN, men treng ikkje nødvendigvis å formidle alle.

Figur som representerer ein svitsj. Mot utsida har han fysiske portar, og dei er ein del av det fysiske nettverket. På innsida av svitsjen er det sett opp fleire VLAN. Nokre VLAN går til alle portar, medan andre berre går til éin eller to av dei fysiske portane. Dette er det logiske oppsettet. Modell.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er mange parametrar som ikkje kan justerast før adopsjon av ruter (merkt «USG Required») eller svitsj (merkt «USW Required»). Endringane som blir gjorde, vil ikkje tre i kraft før utstyret er adoptert.

Bruk av andre IP-område enn 192.168.1.x i lokalnettverk

Viss du får beskjed/har behov for å bruke eit anna IP-område enn 192.168.1.x i lokalnettverket ditt, kan du justere dette under «Gateway IP/subnet».

IP-adressa som blir oppgitt, vil vere den første IP-adressa i lokalnettverket og høyre til ruteren.
Subnettmaska til lokalnettverket (storleiken på lokalnettverket) er oppgitt med CIDR (Classless Inter-Domain Routing).

Når du har gjort den ønskte justeringa, må du trykkje på «Update DHCP Range». Dette sikrar at DHCP-serveren deler ut IP-adresser i rett adresseområde.


Obs:
UniFi-nettverksutstyr (utanom ruter) vil ta imot IP-adresse frå DHCP-server viss dette eksisterer i lokalnettverket. Viss det ikkje finst ein aktiv DHCP-server, vil dei falle tilbake til adresser i 192.168.1.x-området (fallback). Etter adopsjon av ruter (slik at DHCP-serveren blir oppdatert med nye innstillingar) kan det vere at du må restarte andre nettverksutstyr slik at det får oppdatert IP-adresse (som er i riktig område).

Einingar med fast/statisk IP-adresse må manuelt oppdaterast med ny IP-adresse og nettverkskonfigurasjon.

Ei justering som er tilrådd, er å justere «DHCP Range». Denne innstillinga styrer den (framtidige) utdelinga av IP-adresser i lokalnettverket.

Som standard blir alle adresser frå 192.168.1.6 til 192.168.1.245 delte ut med DHCP. Då står det att få ledige adresser til einingar med fast/statisk IP-adresse (til dømes Windows Server, UniFi-kontroller).

Før-og-etter-modell som viser at når DHCP-serveren får eit mindre område IP-adresser han kan dele ut, står det att nokre adresser som kan brukast til einingar med statisk IP-adresse. Modell.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ved å justere startadressa til DHCP-serveren til til dømes 192.168.1.50 blir det fleire IP-adresser som kan nyttast til einingar ned fast/statisk IP-adresse.

Når du har gjort den ønskte endringa, bør du trykkje på «Save» nede til venstre på skjermen.

Vindauge med tittelen «Edit Network – LAN». Ei lang liste med val og konfigurasjonsmoglegheiter. Skrivemarkøren er inne på det første feltet, som er merkt «DHCP Range». Skjermbilete.

Adoptere UniFi-nettverkseiningar

Neste steg er å knyte til (adopt) ruter og eventuelt svitsj til nettverkskontrolleren.

Til venstre i nettgrensesnittet er det ein ikonbasert meny. Hald musepeikaren roleg over eit av ikona for å få opp ei kort tekstskildring.

Oppe i ikonmenyen til venstre vel du den som viser ein liten sirkel inne i ein større sirkel, også kalla «Devices».

På sida kjem det opp UniFi-baserte nettverkseiningar som kan knytast til kontrolleren. Einingane bør ha statusen «Pending Adoption».

Viss utstyr har statusen «Managed By Other»

Einingar som har status «Managed By Other», er allereie knytte til ein nettverkskontroller (sjølv om dei ikkje får kontakt med han).

For at eininga skal kunne adopterast til nettverkskontrolleren din, må utstyret først tilbakestillast til fabrikkinnstillingane.

Eininga må vere påslått og ferdig oppstarta (vil truleg vise eit blått statuslys). På baksida av utstyret er det eit lite hol merkt «Reset». Bruk ein opna binders eller liknande for å halde inne knappen på innsida av holet.

Hald knappen inne i rundt ti sekund (eller til lysa på eininga skrur seg av og på att). Eininga restartar då og prøver å tilbakestille seg til fabrikkinnstillingane.

Hald musepeikaren over ei av einingane. Til høgre på linja skal det komme fram ein knapp som er merkt «Adopt» eller «Update and Adopt» (viss eininga må oppdaterast med ny fastvare). Trykk på denne knappen (adopsjon kan ta opptil fem minutt per eining).

Under adopsjonen av utstyret vil eininga restarte. Dette kan forstyrre andre adopsjonar. Derfor er det tilrådd å berre adoptere éi eining om gongen.

Utklipp frå «Devices»-sida. Viser to einingar som ventar på adopsjon. Musepeikaren er over «Adopt»-knappen til høgre på skjermen. Skjermbilete.

Eininga vil gå gjennom fleire statusar under adopsjonen. På nettsidene til Ubiquiti finn du ein tabell som forklarer alle statusane.

Utklipp frå «Devices»-menyen. Viser to einingar, og kvar eining har ei eiga linje. Den eine eininga har status «Provisioning», og den andre har «Connected». Skjermbilete.

Dei viktigaste er «Provisioning», som betyr at eininga får ny/oppdatert konfigurasjon frå kontrolleren, og «Connected», som betyr at eininga er i normal drift.

Vent til begge nettverkseiningane dine har fått statusen «Connected».

Viss du no går tilbake til hovudsida (dashboard), vil du sjå at meir informasjon kjem fram i brukargrensesnittet.

Kontrollere WAN-innstillingar

Då du tidlegare konfigurerte ruteren, la du inn dei innstillingane som var nødvendige for å få internettilgang i lokalnettverket. Under adopsjonen av ruteren blei denne informasjonen flytta over til nettverkskontrolleren. For å sjekke at dette er rett, må du sjekke innstillingane.

Liste over logiske nettverk som kontrolleren har i drift. To nettverk er lista opp, LAN og WAN. Kvart av dei har ei linje med detaljert skildring. Musepeikaren er over «Edit»-knappen til høgre på WAN-linja. Skjermbilete.

Gå til innstillingsmenyen («Settings») ved å trykkje på tannhjulikonet nedst i ikonmenyen til venstre.

Opne undermenyen «Networks».

Du skal no få opp to logiske nettverk. LAN, som du sjekka tidlegare, og WAN. Trykk på «Edit» på WAN-linja.

Sjekk at informasjonen under «IPV4» og «DNs Server» er rett for oppsettet ditt.

Obs:
IPV4-verdiane i oppsettet ditt skal ikkje vere like dei som er viste i dømet nedanfor. Verdiane skal stemme overeins med nettverket som ruteren din er tilknytt.

Viss ikkje informasjonen blei kopiert inn til kontrolleren på rett måte under ruteradopsjon, må du leggje han inn på nytt att. Hugs eventuelt å lagre endringane.

Utklipp frå «Edit Network – WAN». Viser konfigurasjonen til WAN-nettverket. Musepeikaren er nær IP-adresse og konfigurasjon for IPv4. Kvart felt har utfylt informasjon. Skjermbilete.

Etter at du har sjekka og eventuelt retta opp i WAN-innstillingane, bør du sjekke at du har internettilgang frå ei av maskinene i testnettverket ditt. Gå til nettsider du ikkje har besøkt tidlegare (slik at DNS-oppslag må gjennomførast).

Du kan òg gå tilbake til hovudsida (dashboard). Der er det ein knapp merkt «Speed Test» der du kan teste internettfarten til ruteren.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2021

Læringsressursar

Datalab med Windows Server