Hopp til innhald

Fagstoff

Drivarar til Windows Server

Når vi installerer Windows Server på vanleg maskinvare, som ei stasjonær eller berbar datamaskin, hender det at nokre av drivarane ikkje blir installerte automatisk, og vi må derfor gå inn og gjere dette meir manuelt.
Foto av ein serverrack med ein berbar PC ståande oppå. Det står Server Manager på skjermen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innbakt drivarutvalg

Installasjonsmediet til Windows Server blir levert med ei rekke drivarar. Dessverre er dette drivarutvalet i hovudsak tilpassa servermaskinvare. Om du installerer Windows Server på ei ordinær stasjonær eller berbar datamaskin, vil det ofte vere einingar som ikkje får installert drivarane automatisk.

Til dette arbeidet vil du sannsynlegvis trenge ei datamaskin med nettilgang og ein USB-minnepenn for å flytte nedlasta drivarar til serveren som treng dei.

Undersøke drivarstatus

For å undersøke kva einingar som har eller manglar drivarar, har vi eit eige verktøy som heiter Device Manager ("Einingshandsaming" på norsk).

Bruk den alternative startmenyen (høgreklikk på Windows-flagget som er heilt til venstre på startlinja), og vel "Device Manager" i menyen.

I Device Manager får du opp alle einingane som er kopla til datamaskina, sorterte etter kategori.

Einingar som manglar drivarar (og som operativsystemet dermed ikkje kan bruke), er merkte med ein varseltrekant med ropeteikn eller spørjeteikn i. Om operativsystemet veit kva kategori eininga tilhøyrer, vil ho bli plassert der. Elles hamnar ho i kategorien "Other devices".


Skjermbilete som viser programvindauget til Device Manager, med ei lang liste med maskinvarekategoriar. Under kategorien Other devices ligg det fire einingar som manglar drivarar.

Lista over einingar som manglar drivarar, kan vere lang, og dette kan verke avskrekkande. I eit testoppsett treng vi heldigvis sjeldan at alle einingane fungerer. Til dømes har datamaskina kanskje ein SD-kortlesar. Om vi ikkje skal bruke SD-kortlesaren i serveroppsettet, er det heller ikkje så farleg om vi ikkje får installert drivarar til han.

Skjermbilete som viser eit nærbilete av kategorien Network adapters. I kategorien ligg det tre einingar som alle har gyldige drivarar.

Ei eining vi derimot er avhengig av at fungerer, er nettverkskort for kabla nettverk. Sjekk under kategoriane "Network adapters" for å sjå om nettverkskortet har fungerande drivarar.

Kabla nettverkskort utan drivarar blir ofte viste som "Ethernet Controller" og er plasserte i kategorien "Other devices" eller "Network adapters".

Trådlause nettverkskort kjem ofte opp som "Network Controller" om dei manglar drivarar.

Sjekk om nettverkskort er tilgjengeleg for OS

Ein vanleg måte å sjekke om nettverkskort er tilgjengeleg for operativsystemet på, er ved å bruke den alternative startmenyen og velje "Network Connections".

Det dukkar opp eit innstillingsvindauge, der du så må trykke på "Change adapter options".

I vindauget som kjem opp, vil du sjå alle tilgjengelege nettverkskort.

Om du har drivarane du treng, kan du gå vidare til neste del. Om ikkje kan du gå gjennom stega under for å legge til dei drivarane du treng, til serveren din.

Finne og installere drivarar

Skaffe drivarar til produsentbygde datamaskiner

Foto av ein tenåringsgut som skriv på ein berbar PC.

Om datamaskina du skal finne drivarar til, er ferdigbygd frå ein produsent, som Asus, Dell eller Lenovo, må du gå til nettsidene til leverandøren for å finne drivarar. Du må vite kva modellnummeret til datamaskina er.

Skaffe drivarar til sjølvbygde datamaskiner

Foto av at ein stasjonær PC blir bygd. I eit ope kabinett ser vi ulike komponentar og leidningar. På bordet rundt ligg det ymse verktøy og skruar.

Om datamaskina er sjølvbygd, må du hente drivarar frå produsentane av dei ulike komponentane i maskina. Du må vite modellnamnet på dei ulike delane. Til dømes må du vite modellnamnet til hovudkortet for å finne drivarar til det innebygde nettverkskortet.

Installasjon av ordinære drivarar

Når du har lasta ned drivarane, kan du først prøve å installere dei på vanleg måte. Køyr installasjonsfila, og gå gjennom installasjonsprosessen. Om installasjonen går feilfritt, kan du sjekke i Device Manager (Einingshandsaming) om eininga har fått ein fungerande drivar.

Når det ikkje finst drivarar til Windows Server

I tilfelle der det ikkje finst drivarar til Windows Server, kan drivarar som er laga for Windows 10/11, ofte fungere i staden. Grunnen er at Windows 10/11 og Windows Server er bygde på den same kjernen (kernel).

Obs!

Om du bruker drivarar som er tiltenkte ein annan versjon av operativsystemet, er det på eige ansvar.

Leverandøren av utstyret tek ikkje noko ansvar for at dette fungerer eller er stabilt.

Start med å laste ned Windows 10/11-versjonen av drivaren du treng.

Du kan først prøve å installere drivaren på vanleg vis. Installasjonsfilene og sjølve drivarfila blir då pakka ut i ei mappe (som du sjølv bestemmer kvar du vil plassere). Deretter blir sjølve installasjonen køyrd.

Om installasjonen blir gjennomført utan feilmeldingar, kan du sjekke i Device Manager om eininga er tilgjengeleg for bruk av operativsystemet. Om drivaren ikkje fungerte, må du gjere installasjonen heilt manuelt (dette er beskrive lenger nede).

I mange tilfelle vil installasjonen gi feilmelding om at drivaren er laga for ein annan versjon av operativsystemet. I desse tilfella blir installasjonen avslutta, og du må installere manuelt.

Nokre installasjonsrettleiarar tillar at du berre pakkar ut drivarane (Extract Only). Dette er nyttig om du må installere drivarane manuelt.

Semimanuell installasjon av drivarar

Gå til Device Manager, finn eininga du skal installere drivar manuelt til, og høgreklikk med musepeikaren over eininga. I menyen vel du "Update driver".

Skjermbilete frå Device Manager som viser eininga Ethernet Controller med musepeikar over og ein boks med menyval på sida.

No blir det opna eit nytt vindauge, der du kan velje mellom å velje drivar manuelt eller å la systemet søke etter drivar automatisk.

Det er verdt å prøve eit automatisk søk, spesielt om datamaskina allereie er kopla til internett. Finn du ingen drivarar på denne måten, må du velje "Browse my computer for driver software".

Du kan no velje mappa der drivarane er pakka ut. Om du hakar av for "Include subfolders", søker maskina òg gjennom undermapper. Når du har valt plassering, trykker du på "Next".

Skjermbilete av skjermvindauge der ein vel kvar på maskina ein vil søke etter drivar. I ein avkryssingsboks kan ein velje om undermapper også skal vere med i søket.

Om operativsystemet klarer å finne drivarar, får du beskjed om det.


Manuell overstyring av drivar

Om du fekk beskjed om at drivaren ikkje kunne installerast med den semimanuelle metoden, til dømes i form av feilmeldinga "Windows could not find drivers for your device", kan du trykke "Close" for å gå tilbake til Device Manager.

  1. I

    Device Manager

    høgreklikkar du på eininga igjen og vel "

    Update driver

    ".

  2. På neste skjerm vel du "

    Browse my computer for driver software

    ".

  3. På neste skjerm vel du "

    Let me pick from a list of available drivers on my computer

    ".

  4. I det nye vindauget vel du "

    Show all Devices

    " og "

    Next

    ".

Skjermbilete av eit skjermvindauge med mange utstyrskategoriar. Show all devices er valt.
Skjermbilete av skjermvindauge med ei tom liste merkt med teksten Retrieving a list of all devices. Musepeikaren er over ein knapp merkt Have Disk …

I det nye programvindauget vil du få ei liste over eksisterande drivarar på maskina. Sidan maskina ikkje fann drivaren automatisk, er det lite sannsynleg at drivaren er i denne lista (med mindre eininga har ein skade). Vel "Have Disk …".

På neste skjerm kan du velje plasseringa til drivaren med knappen "Browse …". Når du har valt mappa med drivaren i, trykker du "OK" for å få ei liste over drivarane som er i denne mappa.

Utstyrsprodusentane lagar ofte samledrivarar for fleire ulike modellar. Det er viktig å velje riktig modell. Vel du feil modell, kan det gjere at eininga ikkje fungerer eller fungerer ustabilt.

Trykk "Next" når du har valt drivaren du ønsker å bruke.

Skjermbilete som viser ei liste med drivarar til ulike modellar av nettverkskort. Ein av dei er markert, og musepeikaren er over knappen merkt Next.

Du vil få ei åtvaring om at Windows ikkje kan verifisere at drivaren er kompatibel med Windows-versjonen du bruker. Du blir òg åtvara om at systemet kan bli ustabilt eller slutte å fungere om du vel feil drivar.

Skjermbilete av skjermboks med beskjed om at drivaren vart vellykka installert.

Om du er sikker på at du har valt riktig drivar, trykker du "Yes". Drivaren blir no installert. Om det var riktig drivar og han fungerer på Windows Server, får du beskjed om at installasjonen var vellykka. Trykk på "Close" for å kome tilbake til Device Manager.

Om dette ikkje fungerer, kan det vere at eininga ikkje er mogleg å bruke på Windows Server. Spør læraren din om hjelp.

Sjekke at den nyinstallerte drivaren fungerer

Skjermbilete frå Device Manager (Einingshandsaming) viser nettverkskort som har drivar installert.

Om drivarinstallasjonen var vellykka, vil eininga no ha endra namn i Device Manager (Einingshandsaming) og blitt flytta til riktig mappe.

Ekstra sjekk etter installasjon av nettverkskort

Om eininga som vart installert, er eit nettverkskort, kan du sjekke i nettverksinnstillingane om eininga dukkar opp der.

Bruk den alternative startmenyen, og vel "Network Connections". Det dukkar opp eit vindauge med innstillingar. Vel "Change adapter options".

Eit vindauge med namn Network Connections, med eit synleg nettverkskort som heiter «Ethernet». Skjermbilete.

I det nye vindauget som dukkar opp, får du opp alle nettverkskorta som er tilgjengelege for operativsystemet. Nettverkskortet bør no vere synleg og mogleg å konfigurere.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2021

Læringsressursar

Datalab med Windows Server