Hopp til innhald
Rettleiing

Installasjon av serverrolle for Active Directory

Active Directory (AD) blir brukt til brukar- og utstyrsadministrasjon i bedriftsnettverk. Denne rettleiinga går gjennom installasjon av AD-rolla på ein Windows-server.

Legge til serverrolle for AD

Opne "Server Manager"Windows-serveren. Frå hovudsida (dashboard) vel du "Add roles and features". Dette vil starte installasjonsrettleiinga for serverroller.

Den første sida du får opp, gir generell informasjon. Gå vidare ved å trykke på "Next".

Under "Installation Type" vel du "Role-based or feature-based installation". Deretter trykker du på "Next".

Under "Server Selection" er det mogleg å bestemme kvar installasjonen skal gjerast. Sidan du mest sannsynleg berre har éin Windows-server sett opp, er det berre eitt val her. Trykk på "Next" for å gå vidare.

På "Server Roles"-sida vil alle serverroller som Windows Server kjem med, vere førte opp. Hak av for "Active Directory Domain Services".

Det vil dukke opp eit sprettoppvindauge med ei liste over andre tenester og verktøy som er nødvendige for at AD skal fungere. Vel "Add Features". Vindauget lukkar seg, og du kjem tilbake til lista over roller.

Trykk på "Next" for å gå vidare.

Under sida "Features" treng du ikkje legge til noko ekstra. Trykk derfor på "Next".

Du vil no få opp ei side med informasjon om AD. Trykk på "Next" for å gå vidare.

Under "Confirmation" vil du få ei liste over roller, verktøy og komponentar som vil bli installerte.

Du må vidare hake av for "Restart the destination servar automatically if required". Du vil få opp eit sprettoppvindauge der du må stadfeste at omstart er greitt. Trykk på "Install" for å starte installasjonen.

For at "Active Directory" skal kunne fungere, må det konfigurerast og få tilgang til namneserveren for lokalnettverket (DNS-server). Det neste steget vil dermed vere å setje opp ein lokal DNS-server.