Hopp til innhald

Fagstoff

Basisoppsett av TP-Link Omada-ruter

TP-Link Omada-nettverksutstyr kan konfigurerast og brukast frittståande (standalone) eller saman under ein nettverkskontroller. Her går vi gjennom oppsett av TP-Link Omada-ruter i frittståande modus for testnettverk.
To metallboksar står oppå kvarandre på ei hylle, begge har fleire lys og nettverksportar på framsida. Den eine er merkt "Router", den andre er merkt "Switch". Ein kabel går mellom einingane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tidleg internett-tilgang i testlab

Når du skal setje opp testlab, bør du ha tilgang til internett så raskt som mogleg. Tilgangen lar deg finne drivarar, oppdateringar og programvare til labmaskinene under installasjon og gjer prosessen enklare.

Ein av fordelane med TP-Link Omada-serien av nettverksutstyr er at vi kan konfigurere og setje opp utstyr frittståande (standalone). Dette gir basisfunksjonalitet som internett-tilgang tidleg i prosessen. Seinare kan vi få utvida nettverksfunksjonalitet ved å melde nettverksutstyret inn i ein Omada-nettverkskontroller.

Desse instruksjonane går ut frå at det ikkje er ei aktiv DHCP-teneste i nettverket på WAN-sida av ruteren, og at det derfor må setjast opp ei statisk IP-adresse på WAN1-porten på ruteren for å få internett-tilgang.

Dersom det er DHCP-teneste i WAN-nettverket, vil ho gi ruteren IP-adresse og konfigurasjon automatisk. Høyr i så fall med læraren din om korleis du skal gå fram.

1. Gå inn i nettlesarbrukargrensesnittet til ruteren

Omada-ruteren har IP-adressa 192.168.0.1 når han har fabrikkonfigurasjon. Skriv dette inn i nettlesaren.

Overstyring av åtvaring om usikker nettside

Det er sannsynleg at du får ei åtvaring om at nettsida ikkje er trygg. Det er fordi ruteren har forsøkt å setje opp ein sikker kanal (HTTPS), men bruker eit sjølvlaga sertifikat (ikkje verifisert). Sidan vi veit at eininga er det ho utgir seg for å vere, kan vi gå vidare.

Forskjellige nettlesarar løyser overstyringa forskjellig, men i Chrome kan du komme vidare ved å velje "Advanced" på varselsida. I tilleggsteksten som kjem fram under, trykker du på "Proceed to 192.168.0.1 (unsafe)".

2. Lage administratorbrukar

Nettlesarvindauge med felt for brukarnamn og passord for administratorbrukar. Musepeikaren er over ein knapp merkt "Confirm". Skjermbilete.

Den første førespurnaden du vil få av ruteren, er å opprette administratorbrukar. Vel eit brukarnamn og passord og trykk "Confirm" for å lagre.

Du blir no send til ei påloggingsside. Skriv inn brukarnamnet og passordet du nettopp laga.

3. Sjekke ruterstatus

Når webgrensesnittet startar opp, vil du først få opp ei statusside. På toppen til venstre i hovudmenyen kan du velje "Traffic Statistics". Du vil då få ei oversikt som viser kva for nokre av nettverksportane på ruteren som er kopla til, og mengda trafikk som har gått over tilkoplinga.

Nettlesarvindauge som viser ei rad for kvar fysiske nettverksport og kolonnar for trafikk. Skjermbilete.

4. Konfigurere WAN-adresse

Nettlesar som viser statusside for WAN-tilkoplingar på ruteren. Skjermbilete.

I hovudmenyen til venstre vel du "Network". Den første sida viser "WAN" (dei tilkoplingane som går ut av lokalnettverket). Som standard har Omada-ruteren to portar konfigurerte som WAN-portar. I tillegg kan LAN1 og LAN2 konfigurerast om til WAN-portar ved behov.

Dersom du er kopla til WAN med vanleg nettverkskabel, vel du "WAN" i toppbanneret. Dersom du er kopla til med ein SFP-modul, til dømes via fiber, vel du "SFP WAN".

Du kjem nå til konfigurasjonssida for nettverksporten. Under feltet "Connection Type:" vel du "Static IP". Sida endrar seg litt, og du kan fylle ut den statiske IP-adressa og annan nettverkskonfigurasjon som trengst for at ruteren skal nå internett. (Den nøyaktige informasjonen får du frå læraren din eller IT-ansvarleg på skulen.) Når du er ferdig, vel du "Save" nedst nede.

Nettlesarbilete med mange felt for konfigurasjon av WAN-nettverksport. Skjermbilete.

Etter nokre sekund vil "Connection Status" til høgre i skjermbiletet oppdatere seg, og du vil sjå om tilkoplinga er vellykka.

Om ruteren ikkje klarer å kople seg til internett

Dersom du ikkje får ei vellykka oppkopling til internett, er det nokre vanlege feil du bør sjekke.

  1. Er WAN-konfigurasjonen riktig?
  2. Er kabelen frå WAN1-porten på ruteren kopla til rett stad? Følg kabelen og sjekk at han går heilt til hovudsvitsjen i testlaben.
  3. Test at nettverkskablane som er i bruk frå ruteren og heilt til hovudsvitsjen, fungerer. Dette kan du gjere med ein kabeltestar eller ved å byte éin og éin kabel med nye kablar.

Dersom ingen på datalaben får internett-tilgang, kan det vere problem lenger opp i systemet (som blir styrt av læraren, eventuelt skulen eller fylkeskommunen). Snakk med læraren din om dette er tilfellet.

5. Konfigurere LAN-adresse

I sidemenyen "Network" til venstre vel du undermenyen "LAN". På sida du kjem til, blir det vist ei liste over lokale nettverk. Som utgangspunkt skal berre "LAN" vere i lista. Til høgre under kolonnen "Operations" trykker du på endreikonet rett under. Du får no opp LAN-konfigurasjonen.

Denne guiden bruker 192.168.1.X-adresser og viser dette i skjermbilete og liknande. Du må òg fylle ut kva IP-område som DHCP-serveren til ruteren skal dele ut.

Dersom du vel eller får beskjed om å bruke eit anna IP-område enn det som er vist på biletet, må du hugse å korrigere for dette seinare i guiden.

Nettlesarvindauge som viser felt for innfylling av IP-adresse, subnettmaske og DHCP-konfigurasjon for LAN. Skjermbilete.

Når du er ferdig, vel du "OK" nede på sida. Du vil få ei åtvaring som du må stadfeste ved å velje "OK" igjen.

Vent rundt eit minutt slik at ruteren får gjort ferdig konfigurasjonen før du går vidare til neste del.

6. Nullstille IP-adressa til klientmaskina

Ruteren i testnettverket har no endra LAN-IP-adressa si til eit anna IP-område. For at datamaskina di skal kunne nå ruteren igjen, må maskina di vere i det same IP-området. Med ei klientmaskin som bruker DHCP, kan dette gjerast på to måtar.

  1. Den enklaste er å kople maskina di frå nettverket og til nettverket igjen. Dette gjer at maskina vil be om ny IP-adresse frå DHCP-serveren til ruteren. Den nye adressa bør vere i det nye adresseområdet.

  2. Alternativt kan kommandolinje brukast. Trykk på startikonet i Windows, skriv inn "cmd", vel leietekst (eller "Command Prompt" dersom maskina har innstillingar på engelsk).

    Skriv inn og køyr desse kommandoane:
    ipconfig /release
    ipconfig /renew

Kommandolinjevindauge som viser at kommandoen "ipconfig /renew" køyrer, og at maskina no har ny IP-adresse. Skjermbilete.

Maskina vil no gi slipp på den gamle adressa si og be om ei ny frå DHCP-serveren til ruteren. Denne vil vere i det rette IP-området, og det vil vere mogleg å få kontakt med ruter og internett dersom dette er riktig konfigurert i ruteren.

7. Teste internett-tilkopling

Test internett-tilkoplinga ved å besøke ei nettside (som til dømes ndla.no) frå nettlesaren.

Det er òg mogleg å bruke leietekst (command prompt) og kommandoen ping med eit domene eller ei IP-adresse for å teste tilkoplinga.



CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2021

Læringsressursar

Datalab med Windows Server