Hopp til innhald

Fagstoff

Installere Windows Server 2019

Denne guiden går gjennom installasjonsprosessen for Windows Server 2019, og korleis du kan finne og installere nødvendige drivarar.
Berbar PC ligg i ein sofa. Han er kopla til med ein nettverkskabel og har ein meny på skjermen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne guiden byrjar i det første steget i installasjonsrettleiaren til Windows Server 2019. Denne kjem du automatisk til når du startar opp datamaskina med installasjonsmedium (CD/DVD/USB-minnepenn/ISO-fil) med Windows Server 2019.

1. Vel språk og tastaturoppsett

Bruk nedtrekkfelta for å setje riktig tidsformat og tastaturoppsett. Trykk "Next" for å gå vidare.

Installasjonssteg kor språk, tidsformat og tastaturoppsett kan veljast. Skjermbilete frå Windows Server 2019

2. Start installasjon

På neste skjermbilete trykkjer du på "Install now".

Vindauge med vala "install now" og "Repair your computer". Skjermbilete frå Windows Server 2019

Valet "Repair your computer" gir tilgang til diverse verktøy på installasjonsmediet som kan brukast for å reparere eller få tilgang til ein skadd Windows Server-installasjon.

3. Legg inn lisensnøkkel

Viss du har lisensnøkkel klar, kan denne no blir lagd inn, og du kan trykkje "Next". Viss du ikkje har nøkkel, kan du starte ein prøveperiode ved å trykkje "I don't have a product key".

Vindauge med felt for å skrive inn lisensnøkkel, alternativ for å gå vidare utan lisensnøkkel. Skjermbilete frå Windows Server 2019

4. Vel serverversjon som skal installerast

Windows Server kjem i fleire versjonar. Windows Server 2019 Standard (Desktop Experience) er den versjonen som er mest aktuell for dei fleste lab-oppsett. Denne har eit grafisk brukargrensesnitt og inkluderer dei aller fleste funksjonane som Windows Server tilbyr. Etter at du har valt versjonen du ønskjer å bruke, trykkjer du "Next".

Vindauge med liste over dei forskjellige versjonane av Windows server som kan veljast. Windows Server 2019 Standard Desktop Experience er vald. Skjermbilete frå Windows Server 2019

5. Aksepter lisensvilkår

Du vil no få opp lisensvilkåra for programvara. Du må krysse av for "I accept the license terms" og trykkje "Next" for å gå vidare.

6. Vel installasjonstype

For å ha full kontroll over installasjonen av ein ny serverinstallasjon blir det tilrådd å velje "Custom: Install Windows only (advanced)".

Vindauge med to hovudval, anten oppgradere tidlegare installasjon eller avansert installasjon. Skjermbilete frå Windows Server 2019

7. Slett eksisterande partisjonar

For installasjon på server med fleire harddiskar

Viss du skal installere på ein server som har fleire tilkopla harddiskar, vil dei ulike harddiskane identifiserast som "Drive 0", "Drive 1" og så vidare i lista. Du vil òg kunne sjå alle partisjonane som er på kvar av diskane.

Det blir tilrådd å sjekke med lærar eller eventuelt å sjekke ein ekstra gong at du slettar partisjonar frå riktig harddisk (den harddisken du ønskjer å installere operativsystem på).

For installasjon på virtuell maskin

Viss du installerer Windows Server på ei virtuell maskin, til dømes gjennom VirtualBox eller Hyper-V, vil du neppe få opp eksisterande partisjonar på den virtuelle harddisken.
Du får då opp "Drive 0 Unallocated Space" med heile harddisk-plassen ledig. Gå då vidare til neste steg.

Viss ingen harddisk kjem fram i lista

Installasjonsrettleiinga til Windows gjer eit søk etter tilgjengelege harddiskar. Dette gjer ho ved hjelp av enkle standarddrivarar. Harddiskar som er tilkopla RAID-kontrollarar, ekspansjonskort eller SCSI-harddiskar (som er vanleg i servermaskinvare), vil ikkje nødvendigvis dukke opp i lista.

Finn drivarane til lagringskontrollaren. Dette er ofte hovudkort-drivarar. Last dei inn ved hjelp av valet "Load Driver". Når drivar-oppstarten er fullført, vil lista bli friska opp.

Viss du ikkje installerer på servermaskinvare og ingen harddisk er synleg, kan det vere at harddisken ikkje er tilkopla hovudkortet riktig. Snakk med læraren din før du går vidare.

Viss du installerer Windows Server på ei maskin som har hatt andre installasjonar tidlegare, er det sannsynleg at gamle partisjonar endå eksisterer på harddisken til maskina.
Vel kvar partisjon etter tur og vel "Delete". Du vil få opp eit vindauge der du må stadfeste slettinga.

vindauge som viser ei liste over eksisterande partisjonar på harddisken. Under er det val som å slette og formatere. Skjermbilete frå Windows Server 2019

Når slettinga er ferdig, skal du berre stå igjen med ei linje med namnet "Drive 0 Unallocated Space" med heile storleiken på disken som ledig.

Liste med berre éi linje, denne sier "Drive 0 Unnallocated Spare, Total size 238 GB, Free space 238 GB. Skjermbilete frå Windows Server 2019

Viss du har ei datamaskin med fleire harddiskar, vil dei andre diskane og partisjonane òg blir viste.

8. Opprett ny partisjon

For å opprette ein ny partisjon på den tomme harddisken trykkjer du på "New". Du kan no skrive inn storleiken du ønskjer at den nye partisjonen skal ha.

Det blir tilrådd at partisjonen du lager berre er rundt halvparten av totalstorleiken på harddisken. Dette gjer vi for å kunne lage ein eigen partisjon for delte mapper og liknande seinare.

Når du har valt storleiken, trykkjer du "Apply" for å starte opprettinga av partisjonen.


Vindauge som viser at den eine tilkopla harddisken er tom. Nede er felt for å bestemme storleiken på ein ny partisjon. Skjermbilete frå Windows Server 2019

"Drive 0 Unallocated Space" er oppgitt i talet på GB som er ledig. Når du lagar ein ny partisjon, blir MB brukt som storleiksorden. Du må derfor gjere ei omrekning.

Ein sprettoppmeny vil no komme fram og spørje deg om løyve til å òg opprette andre nødvendige partisjonar for Windows-installasjonen. Vel "OK".

Sprettoppmeny som ber om tillating til å også opprette andre partisjonar som er nødvendige for installasjon. Skjermbilete frå Windows Server 2019

Når maskina har fått arbeidd seg gjennom opprettinga av partisjonane, vil partisjonslista oppdatere seg. Du vil sjå tre små partisjonar, éin stor partisjon og ei linje som beskriv kor mykje plass som er ledig (upartisjonert) på harddisken. Marker den store partisjonen, som er av typen "Primary". Trykk så "Next" for å starte installasjon av denne partisjonen.

Liste med fire partisjonar, tre som er mellom 16 MB og 500 MB, og éin stor partisjon for installasjon av operativsystem. Det visast også ei linje med restplass på harddisken. Skjermbilete frå Windows Server 2019

9. Følg installasjonen

Installasjonsrettleiaren vil no starte sjølve installasjonen av Windows Server. Det kan ta ein halvtime eller meir å gjennomføre installasjonen.

Vindauge som viser framgangen i installasjonen. Skjermbilete frå Windows Server 2019

Når installasjonen er ferdig, vil installasjonsrettleiaren restarte datamaskina automatisk.

Når maskina restarter, blir det tilrådd å fjerne installasjonsmediet (USB-minnepenn, ISO-fil, CD/DVD-plate). Dette sikrar at maskina startar opp ved hjelp av harddisken og ikkje startar installasjonsrettleiinga på nytt.

vindauge som teller ned sekund til automatisk restart. Skjermbilete frå Windows Server 2019
Installasjonsrettleiaren starta på nytt

Viss du ikkje var rask nok med å fjerne installasjonsmediet frå maskina, og ho starta opp frå denne, så får du opp skjermbiletet som vist i steg 1 av denne artikkelen. Dette er ikkje så farleg.

Avslutt installasjonrettleiaren ved å trykkje på krysset i høgre øvre hjørne. Stadfest at du vil avslutte installasjonen. Når maskina restartar, tek du ut installasjonsmediet.

Viss du får feilmeldinga "Operating system not found"

Datamaskina sitt BIOS/UEFI har ei oppstartsliste med alle lagringseiningar som operativsystem kan starte opp frå. Viss harddisken du har installert Windows Server til, ikkje er i denne lista, vil du få opp denne feilen.

Gå inn i BIOS/UEFI og legg harddisken til. Dette blir ofte kalla for "Boot-order", "Boot Priority Order" eller "Boot Option"

10. Lag administratorbrukar

Under første oppstart av Windows Server vil du bli beden om å setje passord på administratorbrukaren til maskina.

vindauge med felt for å skrive inn passord og gjenta passord for Administrator-brukar. knapp i høgre hjørne seier "Finish". Skjermbilete frå Windows Server 2019

For skolelab kan det vere fornuftig å dokumentere administratorpassordet. Vel då eit passord som du ikkje bruker nokon annan stad.

I ekte driftsmiljø bør aldri slike passord skrivast ned, med mindre tryggleiken er tatt vare på og det er heilt nødvendig.

Når administratorbrukaren er laga, vil operativsystemet føre deg til påloggingsvindauget. For å logge på må du første trykke inn tastane (Ctrl + Alt + Delete) samtidig. Då vil du få eit påloggingsvindauge der du kan logge på med brukaren "Administrator".

Skjermbilete som viser klokke, ukedag og dato. Teksten "Press Ctrl + Alt + Delete to unlock". Skjermbilete.
CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2021

Læringsressursar

Datalab med Windows Server