Hopp til innhald

Fagstoff

Basiskonfigurasjon av Windows Server

Med Windows Server installert er neste steg å justere ein del sentrale innstillingar. Det skal ikkje vere behov for internettilgang for å gjere desse justeringane.
PC på kjøkkenbenken med kaffiutstyr i bakgrunnen.  På skjermen ser ein Windows Server Manager. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Viktige verktøy i Windows Server

Før basiskonfigurasjon er det nyttig å bli kjend med nokre viktige verktøy som er mykje brukte i justering og installasjon av tenester.

Server Manager

Når du loggar inn i Windows Server, startar programmet Server Manager opp automatisk. Server Manager gir oss rask tilgang til statusinformasjon om installerte tenester.

Nye tenester kan lett bli installerte, og ved bruk av menyvalet «Tools» (på toppen til høgre) er det lett tilgang til konfigurasjonen av kvar enkelt installerte teneste.

Programvindauge med horisontal menylinje på toppen, vertikal kolonne til venstre og midtvindauge med informasjon. Skjermbilete.

I første omgang kan du minimere eller lukke Server Manager. Programmet ligg enkelt tilgjengeleg i startmenyen, eller du kan finne det med søk.

Når du har lukka Server Manager, vil du få fram eit typisk Windows-skrivebord.

Den hemmelege startmenyen

Ved å venstreklikke på Windows-flagget nede til venstre på oppgåvelinja med musepeikaren blir den vanlege startmenyen vist. Denne gir tilgang til installerte program og mykje nyttig innhald.

For IT-personell finst det ein alternativ meny som ofte er mykje meir praktisk. Denne får du fram ved å høgreklikke med datamusa over Windows-flagget.

Ei enkel menyliste med rundt tjue punkt. Skjermbilde.

Den alternative startmenyen finst i mange Windows-versjonar (ikkje berre server), og er tidssparande ved konfigurasjon og feilsøking.

2. Gi serveren eit fornuftig namn

Den første basiskonfigurasjonen som bør gjerast, er å gi serveren eit fornuftig maskinnamn. Namnet er nyttig for å identifisere maskina i lokalnettverk og kan brukast i staden for IP-adressa ved fildeling og bruk av ei rekkje nettverkstenester.

Det automatisk genererte maskinnamnet er ofte lite beskrivande og langt. Det er derfor tilrådd å setje sitt eige på serverar. Dette bør gjerast før tenestene som serveren skal levere, blir konfigurerte og aktiverte.

Bruk den alternative startmenyen (høgreklikk over Windows-flagget til venstre i oppgåvelinja) og opne «System». Du får no opp eit vindauge som liknar det på biletet. Det er mogleg å navigere til undersider ved hjelp av menyen til venstre. Til høgre ser ein informasjon og konfigurasjonsmoglegheitene.

Programvindauge med to breie vertikale kolonner. Til venstre er navigering til undersider for skjerm, lyd osv. Vil høgre kjem detaljert informasjon opp. Skjermbilete.

Trykk på «Rename this PC».

Sprettoppvindauge med info om datamaskinnamn som er i bruk og  felt for å skrive inn nytt datamaskinnamn. Skjermbilete.

Eit sprettoppvindauge vil komme fram. Dette viser det eksisterande maskinnamnet til serveren og eit felt for å leggje inn nytt. Når du har skrive inn ønskt namn, trykkjer du «Next».

Du vil så få beskjed om at datamaskina må starte på nytt for at namneforandringa skal ta effekt. Det er tilrådd å gjere dette med ein gong ved å trykkje «Restart now».

Endå eit vindauge vil opnast, der systemet ber om ei grunngiving for omstarten. Dette er vanleg på Windows Server. Informasjonen blir lagra i systemloggane og kan vere nyttig ved analyse av oppetid. Gi opp ein grunn og trykk «Continue» for å starte maskina på nytt.

Utklipp frå systeminformasjon som viser at nytt namn er sett som «Device name». Skjermbilete.

Når datamaskina har starta på nytt, kan du gå tilbake til «System» og sjå at maskinnamnet er oppdatert.

3. Sjekk klokka til datamaskina

Korrekt klokke og dato er viktig for datamaskiner som er kopla til nettverk og Internett. Viss det er store avvik, kan maskina nekte å laste ned oppdateringar, avvise aktiveringsforsøk og nekte å godta tryggingssertifikat for nettsider og tenester.

Klokke og dato til maskina plassert nedst til høgre på startlinja. Skjermbilete.

Nede til høgre på startlinja er klokke og dato oppgitt. Sjekk at desse er riktige.

Viss du treng å justere klokke eller dato, høgreklikkar du med musepeikaren over startlinja. I menyen som kjem opp, vel du «Adjust date/time». Eit nytt vindauge vil no komme opp.

Skjermvindauge med forskjellige val for justering av tid. Skjermbilete.

Sjekk først om tidssona er sett riktig. Normaltid i Noreg er UTC+1.

Som standard blir tid automatisk stilt viss maskina har internettilgang og avviket ikkje er for stort. For å justere denne manuelt må du slå av «Set time automatically». Du kan no trykkje «Change» under «Change date and time».

Eit nytt vindauge kjem opp, og du kan justere klokke og dato og trykkje «Change» for å lagre forandringane.

Det er tilrådd å skru på igjen «Set time automatically» når du har gjort justeringa. Dette gjer at serveren seinare kan få små klokkejusteringar frå tidsserverar på Internett.

4. Partisjonering av ledig plass på harddisk

Desse instruksjonane tek utgangspunkt i at datamaskina har ein harddisk kopla til, og at det blei sett av noko ledig plass under installasjonen av Windows Server. Viss oppsettet ditt er annleis, kan det vere lurt å snakke med læraren din om korleis du skal gå vidare.

Bruk den alternative startmenyen og vel «Disk Management». I Disk Manageren blir alle tilkopla lagringseiningar og partisjonar som er på kvar enkelt harddisk, viste.

Viss du har ledig plass (merkt «Unallocated») på harddisken, kan du no høgreklikke med musepeikaren over det ledige området og velje «New Simple Volume» for å starte rettleiinga for oppretting av partisjon.

Skjermvindauge med toppmeny og to hovudområde. Det øvste viser ei liste av partisjonar med namn, type storleik og ledig plass. Nedre del viser ein enkel modell av harddisken/harddiskane med moglegheit for å høgreklikke med datamus på eksisterande partisjonar eller ledige område for å lage eller slette partisjonar. Skjermbilete.

Rettleiinga vil starte med ei informasjonsside, trykk på «Next» for å bla deg vidare i henne.

På neste skjermbilete vil du bli spurd om kor stor du ønskjer å lage partisjonen. Som standard foreslår rettleiinga å bruke alt av ledig plass på harddisken. Dette er greitt og du kan trykkje «Next» for å gå vidare.

Du får no høve til å justere stasjonsbokstaven som den nye partisjonen skal bruke. Som standard blir den første ledige vald. Med mindre du ønskjer å bruke ein spesiell stasjonsbokstav, er det berre å trykkje «Next».

Alternativet «Mount in the following empty NTFS folder» gjer det mogleg å assosiere partisjonen til ei mappe på ein annan partisjon. Dette er relevant i nokre spesielle tilfelle, til dømes viss alle stasjonsbokstavane er brukte opp.

På neste steg får du val knytt til formatering og filsystem for partisjonen. Standardinnstillingane her vil passe godt i dei fleste tilfelle.

Det blir tilrådd å gi partisjonen eit namn. Dette gjer det lettare å halde orden på seinare. Skriv inn ønskt namn under feltet «Volume label» og trykk «Next» for å gå vidare.

Programvindauge i rettleiing for oppretting av partisjon. Viser alternativ for justering av filsystem og namn på partisjonen. Skjermbilete.

Du får no ei oppsummering av konfigurasjonen av partisjonen. Sjekk denne og trykk «Finish» for å starte partisjoneringa.

Området på harddisken som tidlegare stod som «Unallocated», vil no byte tekst til «Formatting». Sjølve formateringa tek som oftast mellom nokre sekund og nokre minutt (større partisjonar tek lengre tid).

Viss partisjoneringa er vellykka, vil partisjonen få namn, stasjonsbokstav, storleik og statusen «Healthy». Då er den nye partisjonen klar for bruk.

Hovudvindauge i Disk Management, viser ein full harddisk med ein nylaga partisjon. Skjermbilete.

5. Installere alternativ nettlesar

I Windows Server ligg hovudvekta på tryggleik. Ein konsekvens av dette er at den innebygde nettlesaren er sterkt avgrensa og vanskeleg å bruke. Ei enkel løysing på dette som kan brukast i testoppsett, er derfor å installere ein alternativ nettlesar.

For serverar i driftsmiljø er det ikkje tilrådd å leggje inn alternative nettlesarar eller bruke serveren til surfing på nettsider. Det er tilrådd å halde tryggleiksreglane så strenge som praktisk mogleg.

Skaffe installasjonsfiler

Nærbilete av nettlesar på dataskjerm. Foto.

Sidan serveren truleg ikkje har internettilgang endå, må ein kopiere over installasjonsfiler til serverar med minnepenn frå ei anna datamaskin.

Installasjonsrettleiinga må også kunne gjere installasjonen utan å hente filer frå internett. Dette blir ofte kall for ein «Standalone» eller «Offline installer».

Følg lenkja til nedlastingssida til Google Chrome eller søk på nettet etter «Chrome standalone installer».
Pass på at du berre lastar ned frå ei kjend og påliteleg kjelde. For Chrome bør dette vere Google. Installasjonsfilene vil vere fleire titals megabyte (sidan dei må innehalde alt som er nødvendig for installasjonen).

Last ned filen(e) og kopier dei over til serveren og installer nettlesaren der. Sjekk at nettlesaren startar opp (sjølv om han ikkje klarer å kople til ei nettside).

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 15.01.2021

Læringsressursar

Datalab med Windows Server