Hopp til innhald

Fagstoff

Basisoppsett av UniFi-ruter

UniFi-ruterar har sitt eige enkle nettlesarbaserte brukargrensesnitt som lar oss konfigurere ruteren nok til å gi internettilgang sjølv om nettverkskontrollaren ikkje er installert enno.
Eit glødande verdskart laga av blå og kvite lys. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om vi skal setje opp eit testnettverk enklast mogleg, er det lurt å skaffe internett-tilgang tidleg. Til oppsett med UniFi-utstyr kan vi òg gjere det før nettverkskontrollaren er installert på serveren.

Desse instruksjonane går ut frå at det ikkje er ei aktiv DHCP-teneste i nettverket på WAN-sida av ruteren, og at det derfor må setjast opp ei statisk IP-adresse på WAN1-porten på ruteren for å få internett-tilgang.

Om det er ei DHCP-teneste i WAN-nettverket, vil ho gi ruteren få IP-adresse og konfigurasjon automatisk. Om dette er tilfellet, kan du høyre med læraren din om korleis du skal gå fram.

1 Gå inn i nettlesarbrukargrensesnittet til ruteren

Etter nullstilling er IP-adressa til Unifi-ruterar sett til 192.168.1.1. Skriv dette inn i nettlesaren (tilrådd nettlesar er Chrome).

Sannsynlegvis får du opp ei åtvaring om at nettsida ikkje er trygg. Det er fordi ruteren har prøvd å setje opp ein sikker kanal (HTTPS), men bruker eit sjølvlaga sertifikat (ikkje verifisert). Sidan vi veit at eininga er det ho gir seg ut for å vere, kan vi gå vidare.

Trykk på «Advanced». I tilleggsteksten som kjem fram under, trykkjer du på «Proceed to 192.168.1.1 (unsafe)».

Nettlesarvindauge. Øvst er det ein raud varseltrekant. Under følgjer tittelen «Your connection is not private» og ei kort åtvaring. Under er det to knappar: ein for å vise detaljar og ein for å gå vidare. Fleire detaljar er opna, og nedst er musepeikaren over lenkja «Proceed to 192.168.1.1 (unsafe)». Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

2 Sjekke ruter-status

Når webgrensesnittet startar opp, vil du først få opp ei statusside. Ho liknar venteleg på statussida på biletet under. Vel «Configuration» i menyen til venstre.

Nettlesarvindauget viser konfigurasjons-samanrag for ruteren. Ei åtvaring på toppen seier at ruteren ikkje har internett-tilgang. Skjermbilete.

3 Konfigurere ruteren

I konfigurasjonsvindauget som kjem opp, vel du «Static IP» i nedtrekksmenyen som heiter «Connection type». No får du opp fleire innfyllingsfelt (som på biletet under).

Fyll inn WAN IP-adresse og konfigurasjon. Denne får du frå læraren din. Med mindre du får beskjed om noko anna, kan du la LAN-innstillingane stå slik dei er føreslått.

Når du er ferdig, trykkjer du på «Apply Changes».

Vindauge med parametrar. Øvst er dei som trengst til WAN-innstillingar. Nedst er for LAN. Musepeikaren er over ein knapp med teksten «Apply Changes» nede til venstre. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det vil ta opptil eit par minutt å lagre og starte ruteren på nytt, så du må berre vente til webgrensesnittet oppdaterer seg sjølv. Statusen på toppen vil endre seg til «Congratulations! The Gateway is connected to the internet» når ruteren greier å nå ut til internett.

Dersom ruteren ikkje greier å kople seg til internett

Om du ikkje får ei vellykka oppkopling til internett, er det nokre vanlege feil du bør sjekke.

  1. Er konfigurasjonen på WAN-sida riktig?
  2. Er kabelen frå WAN1-porten på ruteren kopla til riktig stad? Følg kabelen, og sjekk at han går heilt til hovudsvitsjen i testlaben.
  3. Test at nettverkskablane som er i bruk frå ruteren og heilt til hovudsvitsjen, fungerer. Dette kan du gjere med ein kabeltestar eller ved å byte éin og éin kabel med nye.

Dersom ingen på datalaben får internett-tilgang, kan det vere problem lenger opp i systemet (som er styrt av læraren, eventuelt av skulen eller fylkeskommunen). Snakk med læraren din om dette er tilfellet.

Du kan no prøve å bruke internett frå serveren. Hugs at den innebygde nettlesaren er veldig avgrensa på grunn av tryggingstiltak. Om du har installert ein annan nettlesar, bør du heller bruke den.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2021

Læringsressursar

Datalab med Windows Server